Kultur

Supermann har vore «woke» i 50 år – deal with it

«Det er ikkje kvaliteten på filmen som gnagar på konservative, men skilnaden mellom den Supermann dei ønskjer seg, og den Supermann som faktisk finst i dag,» skriv filmmeldar Rakeb Berhanu Erana.

Rakeb Berhanu Erana
Filmmeldar for Framtida
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Supermann er tilbake på storskjermen, og har blitt møtt med ros. Men, ikkje alle er like begeistra for denne nye Supermann-filmen, regissert av James Gunn. Ein skulle tru at det kjem av at sjølve filmen manglar på visse område, men nei – filmen har gjort seg skuldig i ei mykje verre synd: Supermann har blitt «woke».

Konservative har ikkje ein klar definisjon av «woke» — ordet brukast i praksis berre som eit nedlatande uttrykk for venstrelente idear. I denne filmen viser det til dei som kritiserer USA sin innvandringspolitikk og står imot den israelske okkupasjonen av Palestina.

Det er slik store høgrevridde profilar — til dømes Ben Shapiro frå Daily Wire og den tidlegare Supermann-skodespelaren Dean Cain — og kronisk online, høgrevridde, sjølverklærte filmkritikarar — har uttalt seg om filmen. Lenge før filmen i det heile tatt kom ut, har Shapiro, Cain og resten av den konservative medieverda i USA kritisert han. Grunngjevinga deira byggjer på utsegner frå Gunn om at Supermann er ein innvandrar. Dessutan tek filmen stillinga å vera god mot alle menneske.

Då filmen kom ut, vart kritikken forsterka. Gunn sine uttalingar er visst ikkje berre tomme ord, filmen syner korleis Supermann og dei andre supermenneska blir behandla for å vera innvandrarar, dei blir diskriminerte, kalla for «aliens», sette i varetekt i umenneskelege tilstandar og har ikkje same rettar som andre.

I hovudet på mange amerikanske konservative er dette eit totalt brot med den supermannen dei kjenner. Men denne supermannen slutta å eksistera for 50 år sidan.

Allereie på byrjinga av 1970-talet byrja teikneserieforfattarar å skildra Supermann sin innvandraridentitet som kryptonisk. Teikneserielesarane sette pris på denne nye tolkinga — ho gjorde han meir nyansert og interessant. Innvandrarbakgrunnen hans vart stadig meir utforska, og i 2003 vart opphavshistoria hans fornya i teikneserien Superman: Birthright, der han ikkje berre får eit djupare kryptonisk opphav, men også ein sterkare kjensle av lengsel til heimplaneten hans og identitet som menneske.

Dessutan blir Lex Luthor si diskriminering mot Supermann teken opp i soga, der han blant anna blir skildra som ein «farleg innvandrar».

Kritikarane av filmen lengtar tilbake til ein kvit, amerikansk Supermann — ein utan innvandrarstempel. For dei er Supermann idealet om ein kvit, amerikansk mann, ein figur konservative både vil likna og vil ha som symbol for amerikansk dominans.

Men nettopp denne bodskapen, at Supermann i røynda har meir til felles med ein meksikansk innvandrar enn med dei sjølve, er truleg det som stikk hardast. Når han ikkje lenger er den uovervinneleg, hyper-amerikanske helten frå fortida, men ein innvandrar som stiller seg kritisk til og seier seg ueinig i korleis USA behandlar innvandrarar, ikkje-kvite og andre undertrykte menneske.

Og det er derfor «woke»-klagemålet kjem. Det er ikkje kvaliteten på filmen som gnagar på konservative, men skilnaden mellom den Supermann dei ønskjer seg, og den Supermann som faktisk finst i dag.

Dessutan tek filmen opp konflikten mellom det fiktive landet Boravia og Jarhanpur. Boravia, ein USA-alliert stat,  underbyggjer invasjonen sin med å skildra Jarhanpur som eit land under ein brutal diktator. Med si overlegne militærmakt argumenterer presidenten i Boravia for at dei har både rett og plikt til å gripa inn for å «frigjera» Jarhanpur sine (hovudsakleg brune) innbyggjarar.

Supermann som bryt fysikken sine lovar for å redda eit barn. | Foto: Warner Bros

Men både Jarhanpur-folket og Supermann sjølv ser ein heilt annan situasjon — eit syn som også filmen støttar. For Boravia er ikkje ute etter frigjering, men kontroll. Og Jarhanpur-folket er klare for å kjempa for landet sitt.

Det har vorte hevda at denne konflikten speglar den verkelege situasjonen mellom Israel og Palestina. Gunn har sagt at Boravia-Jarhanpur-konflikten ikkje er inspirert av ei verkeleg konflikt, men heller ei universell forteljing om undertrykking. Likevel er det vanskeleg å oversjå likskapane når mønsteret av aggresjon og rettferdiggjering er så gjennomgripande likt.

Konservative medium har handsama dette på ein av to måtar: anten ved å nekta at det finst nokon parallell, eller ved å fordømma filmen for nettopp å leggja fram slike samanlikningar. Det første standpunktet viser ein fullstendig mangel på respekt for at kunst alltid blir motteke på ulike måtar av ulike menneske. Dessutan er samanhengane så openberre at det knapt krevst meir enn sunn fornuft for å sjå dei. Palestina minnar om Jarhanpur ved at begge er land som står under okkupasjon av ein mektig stat alliert med USA, der innbyggjarane kjempar for fridom — sjølv om Jarhanpur til slutt får ei meir lykkeleg løysing.

At konservative media vel å oversjå denne parallellen, har sannsynlegvis rot i at dei framleis insisterer på å framstilla Israel si bombing av Gaza som ein rettferdig krig, samtidig som dei avviser at det pågår eit folkemord mot palestinarane — sjølv etter at både Amnesty International og FN har slått fast at slike brotsverk finn stad.

Alle desse klagemåla frå konservative får Superman til å verka meir «woke» enn han eigentleg er. Filmen peikar ikkje på noka form for systematisk endring, og er fornøgd med status quo. Likevel er Superman såpass «woke» til å vera ein Hollywood blockbuster-film at han klarar å irritera konservative medium med bodskapen sin. Då må han ha gjort noko rett, i alle fall.