Politikk og samfunn

«No Pride In Genocide»

Israel frontar Pride-paradar og regnbogeflagg som propaganda for å feira kjærleiken, samtidig som dei gjer seg skuldig i folkemord i Gaza, skriv leiaren i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

Maria Louise Hundeide Godoy
Leiar for Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne teksta stod det omtalt «israelske kampfly i regnbogefargar». Dette er ikkje verifisert og difor teke ut av teksta.

Juni er pridemånaden.

Det er den månaden me fyller gatene med regnbogar, glitter, song, glede og viktigast av alt: kjærleik.

Samtidig er det umogleg å ignorera ei skremmande utvikling: hatkriminaliteten mot skeive aukar, både i Noreg og globalt. Netthets, trakassering og vald skyl inn over miljøa våre, og minner oss om at kampen ikkje er over.

Den aukande hetsen gjer det berre endå tydelegare kvifor Pride trengst: det er månaden me feirar retten til å elska den ein vil, vera den ein er, og leva eit fritt liv utan frykt.

Fridom og kjærleik

Men kva betyr det eigentleg å feira fridom, medan han blir nekta for andre?

Me i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom går i år, for andre gong på rad, i paradeseksjonen No Pride In Genocide, saman med Salam og Palestinakomiteen under Oslo Pride. I fjor var det over 5000 personar som marsjerte bak parolen. I år skal me bli endå fleire!

quote-left

Me nektar å la Pride bli brukte som eit skjold for okkupasjon

quote-right

For me nektar å la Pride bli brukte som eit skjold for okkupasjon, undertrykking og krigsbrotsverk. Pride handlar ikkje om å stilla seg lydig bak kolonimakter. Det handlar om å slåst for fridom og kjærleik.

Eit tydeleg døme på korleis denne fridommen blir undergrave er: pinkwashing. Det er ein kynisk strategi der statar eller selskap framhevar sin «støtte» til LHBTQIA+-rettar, som reklame, medan dei i røynda gjer seg skuldig i tydelege og alvorlege menneskerettsbrot.

Israel frontar Pride-symbol og regnbogeflagg i militære kontekstar, også under kamphandlingar i Gaza – blant anna med eit flagg merka ‘In the name of love’ som blei delt via offisiell israelsk kanal. Mange ser dette som ein kynisk form for pinkwashing, der ein bruker skeive sine rettar og symbol for å skine over grove menneskerettsbrot og okkupasjon.

Dette er PR under folkemord. Det er pinkwashing, og me nektar å godta dette.

Står med Palestina

Derfor vel me å stå skulder ved skulder med skeive palestinarar, og med heile det palestinske folket, i kampen deira for fridom og rettferd. Me veit at ekte Pride handlar om å kjempa mot undertrykking, same kven som utøver han. Derfor seier me tydeleg nei til pinkwashing, og ja til solidaritet.

Men sjølv om me seier nei til pinkwashing, så lurer me på kvar resten av verda er?

Me er vitne til eit folkemord. Barn svelt, familiar forsvinn og byar blir jamna med jorda. Likevel vel mange Pride-arrangørar, politikarar og organisasjonar stille. Det er ikkje nøytralitet. Det er medskuld.

I fjor var eg på utveksling i Argentina. Under Pride-markeringa i hovudstaden Buenos Aires kom eg over parolen «Todes somos Palestina y Líbano» («Me er alle palestinarar og libanesarar»). Det var tusenvis av menneske i gatene, mange av dei skeive, mange av dei unge, og me var alle samde om å seia nei til militærmakt i regnbogefargar.

Me ser det ikkje berre i Argentina eller Oslo. Det same skjer i Berlin, i Johannesburg, i London. Folk over heile verda har fått nok. Nok av hykleri. Nok av pinkwashing. Nok av stille.

Ingen av oss er fri før alle er fri

Og nei – me kjem ikkje til å vera stille. Me kjem ikkje til å roa oss ned for å gjera høgresida komfortabel. Me kjem ikkje til å la politiske parti, PR-byrå og pinkwasharar stela priden vår. For oss handlar det om liv. Om fridom. Om eit fritt Palestina.

Er du i Oslo under Oslo-pride? Bli med å gå i solidaritet saman med oss! HUGS: Ingen av oss er fri før alle er fri.

Fritt Palestina – no.