Nytt rekordår for Framtida.no
Gaming i skuletida, sex, Are Kalvø, Marit Larsen og smertefulle og kontroversielle forskingsprosjekt freista lesarane. Dette klikka flest på i 2014.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aldri før har så mange lese Framtida.no som i 2014. I løpet av året har over 337.000 unike brukarar vore innom nyhende- og debattavisa for unge. Det er ein auke på nær 10 prosent samanlikna med året før. Den mest lesne saka vår i 2014 er så langt vist over 14.000 gonger på Framtida.no og er den nest mest lesne gjennom tidene – berre slått av Are Kalvø-teksten Skandale-regjering frå hausten 2013 som er lese over 45.000 gonger.
Om ein ikkje reknar med rekordsaka i fjor, har talet på daglege og vekentlege brukarar auka på Framtida.no i 2014. I snitt har nær 10.000 unike brukarar vore innom Framtida.no no i haust.
Her er dei mest lesne sakene i 2014:
20. Planter kan «høyra» at dei blir spist
18. Frå ingenting – til ein av Noregs største skateparkar
17. Fitteprat
15. Nynorskkurs med Facebook-suksess
14. Sex har aldri sett slik ut før
11. Det heiter ikkje selfie no lenger
10. Bestilte to kaker – fekk éi med denne teksten
9. Klitoris er toppen av eit isfjell
6. Her kan du game i skuletida
5. Skrapar i overflata av norsk pop
3. Dette er Noregs mest sexy dialekt