Ladar opp til demon­strasjon

Desse barna ventar på mor si. No vil faren demonstrera mot tregt system i Norge.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først publisert hos Sunnhordland

– Det er tungt å vera åleine saman med tre barn her på asylmottaket, fortel Alosman Mahmmoud Omar.

LES OGSÅ: Oslo best på busetting

Ventar
Han kjem opphavleg frå Syria, men fortel at han har budd på asylmottaket på Heiane dei siste året.

Medan han ventar på kona, ventar barna på å få mor si til Norge.

– Ho er no i Hellas, fortel Alosman Mahmmoud Omar.

Den 6. januar skal han og fleire andre frå mottaket demonstrera på Leirvik, mot familiesameiningspolitikken i Norge. Dei meiner det tek alt for lang tid å få attverande familie til Norge, og verst er det for dei som har nære slektningar som oppheld seg i krigsherja område.

LES OGSÅ: Halvparten meiner innvandring gjer Noreg betre

Fleire utfordringar
I Norge har det tidlegare vore slik at myndigheitene i fleire tilfelle har dekka innreisa til resten av familien, for personar som har komme gjennom nålauget og fått innvilga opphald som flyktning i Norge.

Dei med flyktningstatus har altså hatt høve til å få barn og ektefelle til Norge ved hjelpe av pengestønad til reisa, i løpet av det første året dei har budd i Norge. Men no har Stortinget bestemt at familiemedlem ikkje lenger får dekka reiseutgiftene til familieinnvandring. Frå og med 1. januar 2015 trer reglane i kraft.

LES OGSÅ: «I 12 år har han kjempa»