Kommune vil skrota nynorskklassar – fryktar segregering

Strand kommune i Rogaland vil endra praksis med eigne nynorskklassar etter at det har oppstått det lærarar beskriv som «systematisk segregering» i skulane.

NPK-NTB
Publisert

Elevar med minoritetsbakgrunn vel i all hovudsak bokmål, noko som har ført til at nynorskklassane i stor grad består av etnisk norske elevar, skriv Stavanger Aftenblad.

– Dette skaper ei form for segregering som ikkje berre svekkjer mangfaldet, men også reduserer moglegheita barna har til å møta ulike livserfaringar og perspektiv i skulekvardagen, skriv den aktuelle skulen i eit innspel til levekårsutvalet i kommunen.

Det var avisa Strandbuen som omtalte saka først.

Eigne nynorskklassar kostar kommunen 7,2 millionar kroner i året. Ei kartlegging viser at få foreldre vel målform av språklege grunnar, men heller ut frå kven barnet kjenner og oppfatningar om klassemiljø.

– Valet handlar i stor grad om å sikra best mogleg klassemiljø for barnet, ikkje sjølve målforma, konkluderer det kommunale foreldrearbeidsutvalet.

Eit fleirtal i levekårsutvalet har vedteke tiltak som opnar for å organisera klassar på tvers av målform frå hausten 2025 sjølv om kommunedirektøren erkjenner at dette bryt med opplæringslova. Lova slår fast at når minst ti elevar på eit årstrinn ønskjer å nytta ei anna målform enn den som er vedteken av kommunen, har dei rett til å få opplæring i eiga gruppe på den valde målforma.