Svensk ungdomspartileiar sin bodskap til Noreg: – Bli med i EU!
Korleis er ungdomspolitikken på den andre sida av riksgrensa? Og kva tenkjer svenskane eigentleg om norsk politikk? Framtida.no har spurt eit knippe svenske ungdomspolitikarar.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord.
Anton Holmlund (Liberala ungdomsförbundet)
– Kva meiner du at er den viktigaste politiske saka i Sverige?
– At Ukraina skal vinna krigen. Det er overordna alt anna.

Anton Holmlund er leiar i Liberala ungdomsförbundet. | Foto: Liberala ungdomsförbundet
– Har du eit bodskap til norske politikarar?
– Bli med i EU!
– Kva norsk parti synest du Liberalerna linkar mest på?
– Utvilsamt Venstre. Dei er systerpartiet vårt sidan uminnelege tider, og me samarbeider nært med dei. Det finst eigentleg ingen kjempestore skilnadar. Me har moglegvis litt ulikt fokus.
– Kor mykje makt har ungdomspartia i Sverige?
– Mykje makt. Me tek stor plass i media og i det politiske arbeidet. Som regel brukar ungdomspartia å setja tonen for vaksenpartia.
– Kva er den beste ferie-destinasjonen i Sverige?
– Kom og invester oljepengane dokkar i heimkommunen min Västerås!
My Kårlycke (Ung Vänster)

My Kårlycke | Foto: Privat
– Kva meiner du at er den viktigaste politiske saka i Sverige?
– Den aukande ulikskapen mellom arbeidarklassen og overklassen, og mellom kvinner og menn. Dei siste åra har kostnadane for å leva i Sverige auka enormt, samtidig som lønningane blir halde nede. Dette er spesielt alvorleg for kvinner og unge. Dei arbeider ofte deltid eller i bransjar med utrygge tilsetjingar. Det er umogleg å planleggja sitt eige liv i dag.
– Har du eit bodskap til norske politikarar?
– Det er bra at de har anerkjend Palestina som stat og at de tek i mot skadde frå Gaza. Eg ynskjer at svenske politikarar frå alle partia tek stilling mot folkemordet i Gaza. No må me alle arbeida for ein total boikott av Israel. Alle land må ta ansvar og slutta å investera i Israel. Noreg, som ein stor investor, har eit stort ansvar når det gjeld dette.
– Kva norsk parti synest du linkar mest på svenske Vänsterpartiet?
– SV er det norske partiet som er likast og har samarbeidd mest med Vänsterpartiet. Som ungdomsparti har me hatt samarbeid med både Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom i Noreg. Me trur på eit breitt samarbeid på venstresida kor ein kan utveksla erfaringar og læra av kvarandre.
– Kor mykje makt har ungdomspartia i Sverige?
– Det er nok veldig forskjellig for dei ulike ungdomspartia. Me har alltid dialog og samarbeid med Vänsterpartiet om spørsmål som vedkjem oss båe. Og me er til stades på styremøta deira sånn at røystene våre skal bli høyrde.
– Kva er den beste ferie-destinasjonen i Sverige?
– Eg elskar Göteborg, kor eg bur nett no. For tida kan ein til og med ta toget mellom Oslo og Göteborg, så det er eit bra og miljøvenleg val om ein vil ha ein kort tur til Sverige!
Lisa Nåbo (Sveriges Socialdemokratiska Ungdomsförbund)

Lisa Nåbo | Foto: Sveriges socialdemokratiska ungdomsförbund
– Kva meiner du at er den viktigaste politiske saka i Sverige?
– Å skapa betre økonomiske føresetnadar for unge. Generasjonen vår er den fyrste på lenge som har fått det verre enn foreldra våre. Under oppveksten vår har forskjellane i inntekt vakse. Bustadmangelen har ført til at mange har det vanskeleg for å flytta heimanfrå. Og arbeidsløysa blant unge er rekordhøg.
– Har du eit bodskap til norske politikarar?
– Å halda fram med å stå opp for internasjonal solidaritet og folkerett – i Gaza og i heile verda.
Dessverre så har den svenske regjeringa vore tyste om Israels krigsbrot i Gaza. Me treng modige politikarar som står opp for folkeretten, og der er mange norske politikarar gode førebilete.
– Kva norsk parti synest du linkar mest på svenske Socialdemokraterna?
– Arbeidarpartiet og AUF er systerorganisasjonane våre i Noreg. Me har eit nært samarbeid og støttar kvarandre, ikkje minst når det er valkamp.
– Kor mykje makt har ungdomspartia i Sverige?
– SSU er det største ungdomspartiet i Sverige og har difor påverknad på Socialdemokraterna. Nyleg fekk SSU gjennom at Socialdemokraterna skal arbeida for gratis kollektivtrafikk for unge under 20 år.
– Kva er den beste ferie-destinasjonen i Sverige?
– Käringön utanfor Orust.
Douglas Thor (Moderata ungdomsförbundet)

Douglas Thor | Foto: Moderata ungdomsförbundet
– Kva meiner du at er den viktigaste politiske saka i Sverige?
– Eg meiner at spørsmålet som kjem til å dominera debatten fram til neste års val er korleis me skal bryta utanforskapet. Her ha me i MUF presentert verknadsfulle reformer som me håpar at moderpartiet kjem til å omfamna.
– Kva norsk parti synest du Moderaterna linkar mest på?
– Moderaterna og Høgre har store likskapar og eit djupt samarbeid. Til dømes så heldt Erna Solberg innleiingstale for vår partileiar og statsminister, Ulf Kristersson, under Almedalsveckan i fjor.
– Me vitjar ofte og gjerne Unge Høgre for å utveksla erfaringar. Dei brukar å vera ganske gode på å produsera vallåter. Sjølv om MUF sin «Sverige Jobbar» frå 2010 er overlegen.
– Kor mykje makt har ungdomspartia i Sverige?
– MUF er regjeringa sitt femte parti. Me driv regjeringa framover ved å vera relevante og reformorienterte.
– Kva er den beste ferie-destinasjonen i Sverige?
– Skogane i Småland, kor eg vaks opp. Me har kanskje ikkje fjordar og masse laks. Me i Småland finst det ett lugn som det ikkje går an å oppleva noko anna stad.