Raud Ungdom synest FpU sin sommarleir er for dyr
Vi har teke ein titt på kor mykje ungdomspartia skal ha for å få vere med på sommarleir.

Dette er ein del av valprosjektet «Summer of `25» som er støtta av Fritt Ord.
Du er kanskje klar for sol, sommar, og ein og annan utanlandstur? Eller skal du kanskje ha din fyrste sommarjobb, få arbeidserfaring og spare deg opp pengar?
For ungdomspolitikarar i Noreg står ofte den sommarleiren som partiet deira arrangerer sterkt, og vi har teke ein titt på kvar og kor dyrt det kan bli.
FpU er dyrast
Har du tenkt deg på ein musikkfestival som Vinjerock i sommar? For berre eit par hundrelappar mindre kunne du vore på Framstegspartiets ungdom (FpU) sin sommarleir!
Dei har ein total prislapp på 2900 kroner.
Det tyder ikkje at deltakarar må betale så mykje.
– FpU har som mål å gå i null på alle nasjonale arrangement, medan vi til sommarleir budsjetterer for ein liten kompensasjon på prisen, i år er denne på 1000kr per deltakar, skriv generalsekretær Maia Søe Paulsen til Framtida på e-post.

Maia Søe Paulsen er generalsekretær i FpU. Ho kan melde om stor interesse for sommarleiren deira. Foto: FpU
I praksis blir altså kostnaden 1900 kroner for deltakarane. Delar av dette kan også bli dekka av dei forskjellige fylkeslaga, men kjem an på kvar du er medlem.
– Mange fylkeslag vel å betale heile deltakarprisen, slik at det er gratis å delta, medan dei fleste eigendelane ligg mellom 500 kroner og 1000 kroner. Dette inkluderer då overnatting i hytter, alle måltid (og nattmat), samt aktivitetar.
FpU skal lik mange andre ta turen til Sørlandet i sommar, ved Skottevik utanfor Kristiansand.
Prisen har ikkje vore til hinder for å få tak i deltakarar. Paulsen kan informere om at dei allereie no er fylt til randa av påmelde.
– I år har vi utvida maksimalt for kva som er mogleg på Skottevik. Vi har fylt alle plassane, og har ei venteliste på cirka 60 personar som får plass når avmeldingar kjem inn.
FpU har sommarleir frå 31. juli til 3. august.
Raud Ungdom er billigast
Den billigaste politiske sommarleiren finn ein på motsett side av det politiske spekteret, hjå Raud Ungdom. Deira sommarleiransvarleg, Eylül Demirhan, er veldig kritisk til å ha like dyre avgifter som FpU.
– Eg synest det legg opp til at berre ungdommar med rike foreldre, eller dei som har høgare inntekter enn andre, kan delta, seier ho.
– Kva skal skje viss foreldra som sit med pengane ikkje har dei same meiningane som ungdomsorganisasjonen?

Eylül Demirhan (i midten) på sommarleir med Raud ungdom. Foto: Raud Ungdom
I år skal ungdomspartiet til Gausdal leirsted i Buskerud, og prisen ligg på 100, 200 eller 400 kroner, avhengig av kva du har råd til.
– Sommarleiren skal ikkje vere ein stad vi tener pengar. Det skal vere eit lågterskeltilbod til alle medlemane våre der dei skal kunne få ei feriekjensle.
Demirhan fortel at dei håpar å skape ei god sommaroppleving, også for dei som ikkje har høve til ein utanlandstur. Ho er tydeleg på at alle skal kunne delta, uansett økonomisk situasjon
– Vi treng fleire aktivistar på gata heller enn uaktive men betalande medlemar, så vi jobbar for at flest mogleg kan kome og bli kjent med Raud Ungdom, og forhåpentlegvis ønske å endre verda for det betre.
Økonomi har også gjort at dei måtte velje ein annan stad å ha sommarleir i år. Det har blitt dyrare å arrangere leir på Utøya, slik dei har gjort tidlegare. I tillegg var dei usikre på kor mykje støtte dei ville få frå moderpartiet Raudt før landsmøtet deira, og måtte ta nokre val før det var avklart.
– Kven veit, kanskje kjem vi tilbake neste år, seier ho.
Pengestøtta frå Raudt kom i alle fall på plass, og dei har mange som er interesserte i sommarleir:
– Akkurat no har vi 100 påmelde, og så er målet vårt 200 i år, som er betydeleg meir enn dei andre åra, så det lovar godt.
Raud Ungdom har sommarleir frå 7. til 12 juli.
Dette kostar sommarleiren til forskjellige ungdomsparti
Unge Venstre:
2. til 6. juli
1250 kroner eller 1500 avhengig av om du skal overnatte i hytte eller privat. Nokre fylkeslag dekkjer delar eller heile avgifta.
Sosialistisk Ungdom:
15. til 19. juli
799 kroner eller ein valfri høgare solidaritetsbillett for å bidra til at sommarleiren skal gå rundt.
Unge Høgre:
28. til 31. juli
800 kroner.
Grøn Ungdom:
28. juli til 1. august
850 kroner.
AUF:
30. juli til 3. august
Du kan kjøpe dagspass for enkeltdagar for 300 kroner.
Senterungdommen har ikkje bestemt kor mykje avgifta skal vere enno, og KrFU har ikkje sommarleir på same måte som dei andre ungdomspartia. Dei har ein debattcamp på slutten av sommaren.