Politikk og samfunn

«Gratulerer med dagen, kjære alle»

Russ eller ikkje, ver eit godt menneske for dei kring deg, skriv russepresident Ella Tveitnes Moe i sin 17. mai-tale.

Ella Tveitnes Moe (18)
Russepresident på Stord vgs.
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag feirar me det trygge gode Noreg som me alle er så glad i.

Det blir stelt i stand storfest i heile landet, for å heidre vårt Noreg som me er så stolte av!

Me feirar at me bur i eit av verdas tryggaste land, sjølvstendig styrt av det dyrebare demokratiet. Me har likestilling, får tale fritt, elske dei ein elskar, gå kledd slik ein vil og det skal feirast med heva hovud.

Me skal ikkje gløyme dei som lev i krig, uro og fattigdom. Me skal hugse at det er eit privilegium å kunne sei at du bur i eit av verdas beste land.

Slutten på russefeiringa

Syttande mai markerer ikkje berre grunnlovsdagen.

For mange ungdommar markerer det også slutten på russefeiringa, eksamen og sluttvurdering og sommarferien nærmar seg med store skritt.

Det er ein dag me ser fram mot og gleda oss til der me får pynte oss og ete så mykje is ein vil!

Mai månad er komen og naturen rundt oss i fulle fargar av vår med blomar og bjørkeris.

Kjære minne

Det er mange slitne russedressar å sjå og sikkert mange som gler seg til å la levera kvile og få gå med vanlege klede igjen.

Likevel har me skapt minne eg vil halde kjært i lang tid, med mykje latter og sjølvsagt litt tull òg.

Eg har blitt kjent med nye herlege personar og kjent varmen i hjarta når eg har vore omringa med vener gode som gull. Akkurat for det kjenner eg meg heldig.

Landstreffet i Stavanger var ei helg fylt av gøy utan pause, med andre ord var russetida magisk.

Strekk ut ei hand

Likevel kjenner eg på ein viss sorg over alle dei som ikkje fekk den russetida dei gjerne skulle ønske og hadde håpa på.

quote-left

Prøv å stille opp for kvarandre, det betyr så uendeleg mykje

quote-right

Det er ikkje alltid like enkelt, men prøv å stille opp for kvarandre, det betyr så uendeleg mykje.

Eg vil oppfordre alle kommande russ til å strekke ut ei ekstra hand og møte kvar og ein med respekt og ope sinn, det kjem også ei tid etter russefeiringa er ferdig.

Russ eller ikkje, ver eit godt menneske for dei kring deg.

13 års skulegang

Russefeiringa markerer slutten på 13 år med skulegang. 13 år med kjente omgivnad, fjes og skulekvardag.

Snakk i kantina, innleveringar og latter i timane, eg trur me alle vil kjenne på et sakn frå vgs.

Likevel er det no me skal byrje å leve livet på eigne vilkår.

Nokre tar seg friår, andre militæret og nokre byrjar rett på studie. Nokre har ein plan for kvar dei skal og nokre har inga aning, kanskje vil du så mykje forskjellig at du ikkje veit kor du skal begynne.

Uansett er det ein stor overgang i livet, nytt og spennande.

Alt eg kan seie er at me framleis har heile livet framfor oss og god tid på å finne ut av det, er det ikkje det som er heile poenget?

Nye folk skal møtast og nye ting skal lærast, ein million inntrykk skal me ta inn over oss. Mi oppmoding er å ha det kjekt og lev dag for dag, alt kjem til å falle på plass uansett

Feire mangfaldet

Uansett kva framtida har i vente for kvar og ein av oss er det i dag me alle skal feire.

Me skal feire alt Noreg er og alt det betyr for oss. Me skal feire mangfaldet og den felles gleda over at sumaren nærmar seg.

Me skal feire kvarandre og alt som gjer at Noreg er det finaste landet som finst

Kjære alle eg seier det igjen, gratulera med dagen og kos dykk!