«Paljett»-professor om Eurovision: – Kjempepolitisk
Statsvitar Lise Rakner trur Eurovision overlever protestane mot israelsk deltaking, men meiner det vil verta diskusjon om pressefridomen i ettertid.


Professor i statsvitskap ved Institutt for politikk og forvaltning på Universitetet i Bergen, Lise Rakner, ser mykje politikk i populærkultur. Foto: UiB
– Eurovision er kjempepolitisk, seier professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen Lise Rakner på telefon til Framtida.no.
I det me ringjer ho opp for ein prat om politikken i Eurovision sit ho og børstar støv av den legendariske forelesinga «Politikk og paljettar», som ho hadde på sampol (samanliknande politikk) før pandemien.
Det skal haldast på kveldstid for ei studentforeining, men ho held òg på å planlegga eit heilt kurs om politikk og populærkultur, som ho meiner er eit underkommunisert tema for å forstå politiske konfliktar og trendar.
Israelsk delfinale
I dag går den andre av dei to delfinalane av stabelen i Basel i Sveits. Her skal den israelske artisten Yuval Raphael (24) på scena for heimlandet. I år som i fjor har det vore massive protestar og opprop mot boikott, så den israelske artisten førebur seg på å bli bua av scena.
Ho er ein av dei overlevande etter terroråtaket mot Nova-festivalen 7. oktober der ho sjølv stod på scena. Songen hennar, A New Day Will Rise, er utarbeidd av den israelske allmennkringkastaren KAN.
Også fjorårets israelske bidrag bar sterkt preg av konflikten i Midtausten.
Den europeiske kringkastaren (EBU) påla Israel å skriva om mykje av songen October Rain, som tydeleg var ein referanse til terroråtaket mot Israel 7. oktober. Eden Golan enda opp med ein ny versjon med låttittelen Hurricane.
Europeisk identitet
– Eg synest sendinga er altfor lang og dørgande keisam, men heile konseptet elskar eg. Det appellerer til heile statsvitaren i meg, forklarar Rakner.
Ho meiner Eurovision har hatt ein uvurderleg verdi for det europeiske EU-prosjektet, og at det er viktig som identitetsbyggar av særleg nye nasjonar.
– Om du tenkjer på kor mange milliardar euro EU har brukt på identitetsbygging og ei felles offentleg forståing av EU. Dette er truleg den aller viktigaste EU-imagebyggaren og den har ikkje kosta dei noko. Det byggjer ein europeisk identitet rundt EU, seier Rakner entusiastisk.
Nasjonal identitetsmarkør
Rakner meiner Eurovision også er kjempeviktig som nasjonal markør, noko som òg gjeld årets mest kontroversielle deltakar.
– Eg er heilt sikker på at det er viktig for Israel, fordi dei brukar dette til å markera støtte, seier Rakner.
Ho peikar på andre nasjonar som har brukt konkurransen før, som til dømes Estland etter lausrivinga frå Sovjetunionen.
I tillegg har Ukraina ved fleire høve nytta konkurransen til å ta avstand frå Russland.
Stemmegjevinga har ofte vist at land bruker konkurransen til å markera støtte, som til dømes Kypros og Hellas. I 1975 boikotta Hellas Eurovision i protest mot deltakarlandet Tyrkia sin invasjon av Kypros, og i fleire år etter dette veksla dei to nasjonane på å delta.
15 000 artiklar om Eurovision
Stemmegjevinga kan vera eit eige akademisk tema. Eit søk på Google Scholar viser at det er skrive 15 400 om temaet Eurovision Song Contest.
Professoren peikar på korleis stemmegjevinga gjennom Eurovision si 60 år lange historie gjev store tal og unik innsikt for å forstå politikk, integrering, konflikt og til og med handel.
– Du brukar stemmene til å sjå at du har ei nordisk blokk eller ei nordeuropeisk blokk, så har du ei austblokk og ei Sør-Europa-blokk, så ser du på lojalitet innafor desse blokkene, forklarar ho.
Historia til EU(rovision)
For å ta eit lite historisk tilbakeblikk:
Den første Eurovision vart arrangert i 1956 i Sveits, som også er vertskap for årets finale. Den gongen var det berre fjorten deltakarland.
I byrjinga var vinnarlanda stort sett frå Den europeiske kol- og stålunionen, som vart stifta i 1951 og er forløparen til EU.
Med utvidingane av EU har òg Eurovision utvida seg, og stemmegjevinga vitnar om både kven som sympatiserer med kvarandre og kor menneske har flytta seg.
Men ein ting er viktig å påpeika: Eurovision er verken EU eller Europa, trass i det noko eurosentriske namnet.
Israel er eitt av fleire land utanfor Europa som er med i The European Broadcasting Union. Rakner forklarar at dette er grunnen til at ein del andre land i Nord-Afrika og ein del arabiske land, ikkje vil vera med.
● Les også: 12 minneverdige Eurovision-augeblikk
Israel-boikott
Israel har vore med som deltakar sidan 1973 og har vore kontroversiell sidan starten, men det var først i fjor etter at landet gjekk til massive åtak på Gaza og stogga naudhjelp inn til det okkuperte området, at det verkeleg tok fyr.
Rakner stiller spørsmål ved kvifor Russland vert boikotta, medan Israel framleis er med.
– Eg tenkjer at det Israel utset befolkninga på Gaza og Palestina for er eit folkemord, og eg meiner at Israel skulle vore boikotta frå ei kvar forsamling, seier Rakner.
– Det kan vera så kontroversielt det berre vil, men det meiner eg.
– Trur du at denne debatten vil skada Eurovision sin legitimitet og framtid?
– Nei, eg trur faktisk ikkje det, svarar Rakner, og viser til fjorårets massive protestar og nøytrale siger.
Strenge reglar for pressa
I fjor fekk den irske artisten Bambie Thug bede om å fjerna orda «Ceasefire» og «Freedom for Palestine» frå kroppen før delfinalane.
På scena får artistane berre bruka sine eigne nasjonar sitt flagg, men i salen får publikum vifta med både Pride- og Palestina-flagg. I fjor var sistnemnde ikkje tillate.
I år har fire europeiske kringkastarar teke til orde for å diskutera israelsk deltaking i Eurovision. Ei lang rekkje tidlegare deltakarar har òg teke til orde for boikott av Israel.
Sjølv om ho trur boikott-diskusjonen ikkje skadar songkonkurransen nemneverdig er Rakner kritisk til dei stramme reglane som er pålagt pressa.
Dei nye reglane inneber at journalistane får instruksar om å ikkje skriva noko «ærekrenkande» om artistane. EBU har òg fjerna pressekonferansar med artistane og let ikkje lenger pressa filma, ta bilete, eller gjera opptak under generalprøvene, melder Aftenposten.
– Følger det reglane for mediefridom? Det kjem til å vera ein diskusjon etter dette, meiner statsvitaren.
Vinnarsjansane til Israel
I fjor som i år var Israel ein av favorittane til å vinna og mange stilte spørsmål ved kva som ville skje dersom Eden Golan henta heim sigeren.
Det enda med ein femteplass til Israel og siger til Sveits.
Men Israel fekk høge poengsummar, mellom anna frå Tyskland og Noreg.
– Og Israel har jo ein veldig god song i år, faktisk, påpeikar professoren.
Stemmetrøbbel
– Politisk er ikkje berre det å halde oppe ein plakat. Det er det å bruka ein songkonkurranse til å branda ein nasjon, eller EU. Popkultur er politisk, slår Rakner fast.
Og historia er ikkje fri for at nasjonar har prøvd å påverka stemmene. I 2013 vart det avslørt at Aserbajdsjan skal ha brukt store summar på å kjøpa stemmer i 15 ulike land.
Denne veka opplevde norske sjåarar som stemte på Kroatia under delfinalane, at dei fekk meldinga: «Takk for at du stemmer på Israel!» i retur, ifølgje VG.
– Eg skal følgja masse med på stemmegjevinga. Det er kjempespennande, for det seier noko om Israels støtte i Europa, men kanskje får me òg opp noko stemmejuks, spekulerer Rakner.