Politikk og samfunn

«Blir vi manipulerte av sosiale medium?»

Ulrikke Toftesund (16)
Lokallagsleder i Bodø Press - Redd Barna Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Slik det er i dag, lever vi i ein digital tidsalder der sosiale medium er ein integrert del av kvardagen vår. Plattformer vi brukar, formar meiningane, preferansane og sjølvbiletet vårt – ofte utan at vi heilt forstår korleis dei faktisk fungerer. Eg meiner samfunnet har eit ansvar for å synleggjere korleis desse mekanismane påverkar oss – og stille spørsmålet: Blir vi manipulerte?

Det er ingen løyndom at algoritmar styrer kva vi ser i sosiale medium. Kvar gong vi scroller, klikkar eller likar, blir interessene våre kartlagde for å kunne tilpasse innhaldet vi får. Dette skaper ofte ekkokammer – noko som er skummelt, eit digitalt miljø der vi stadig blir eksponerte for dei same ideane. Slike tilpassa straumar kan gjere oss mindre mottakelege for alternative synspunkt, og slik svekkje den kritiske tenkinga vår. Når vi unge er i ferd med å forme våre politiske og sosiale haldningar, er det spesielt viktig at vi forstår korleis vi kan bli styrte bak kulissane.

Samlar inn enorme mengder data

Gigantiske teknologiselskap samlar inn enorme mengder data om oss. Slik data blir brukte til å skreddarsy reklame og politiske bodskap, ofte utan at vi sjølv forstår omfanget. Det betyr at både kommersielle interesser og politiske aktørar kan utnytte denne innsikta for å påverke vala og haldningane våre. Som ungdom kjenner vi presset frå både reklame og medietrykk, og vi merkar korleis tankane våre ofte blir styrte av bodskapa vi stadig blir utsette for. Dette er ei utfordring som krev at vi stiller spørsmål ved informasjonen vi får, og krev større openheit frå dei som eig plattformene.

Vi unge er den generasjonen som har vakse opp med digitale medium. Vi har alltid hatt tilgang til informasjon, men vi har og vore målgruppa for strategisk marknadsføring og politisk retorikk. Denne unike posisjonen gjer oss både til dei mest informerte – og dei mest sårbare. Evna vår til å påverke samfunnsutviklinga kan bli undergrave viss vi let oss leie utan å stille kritiske spørsmål. Difor er det avgjerande at politikarane investerer i å styrke vår digitale mediekompetanse og tryggleik.

Treng ei heilskapleg tilnærming

Manipulering gjennom sosiale medium er ikkje nødvendigvis ein medviten, vondarta handling – men ein konsekvens av ein forretningsmodell der profitt står i sentrum. For å motverke dette må vi krevje strengare reguleringar og større gjennomsikt. Politikarane må ta grep og utvikle eit regelverk som vernar individet sin rett til å hente informasjon utan påverknad. I tillegg er det heilt nødvendig at utdanningssystemet integrerer kritisk mediekompetanse i læreplanane, slik at vi unge får verktøya vi treng for å stille spørsmål ved det vi ser og les.

Regjeringa føreslår no ei strengare aldersgrense som løysing for å verne barn og unge, men ut frå rein røynsle er ikkje dette nok. For det er ikkje alderen i seg sjølv som er problemet – og barn og unge er heller ikkje problemet – men det er den digitale infrastrukturen og dei manipulerande algoritmane som formar innhaldet. For å sikre barn og unge ein trygg oppvekst på nett, treng vi strengare reguleringar som stiller krav til plattformene, sikrar ansvarleg databehandling og vernar barn mot skadeleg innhald.

Eit heilskapleg grep er den einaste vegen for å skape eit digitalt miljø der barn sine rettar til ein trygg og opplyst digital kvardag blir ivaretekne.

Kan ikkje setja plaster på feil sår

Noreg er eit demokrati, og demokratiet i Noreg handlar om meir enn røysterett – det handlar og om å ha tilgang til ein mangfaldig og upartisk informasjonsstraum som gir rom for kritisk tenking. Når algoritmar sorterer informasjonen vi får, risikerer vi å miste den opne debatten som er ein hjørnestein i eit velfungerande demokrati.

Men korleis løyser vi dette?

For å møte denne utfordringa treng vi ei heilskapleg tilnærming. Det må innførast tiltak som krev større openheit frå teknologiselskapa – Både når det gjeld korleis data blir samla inn, og korleis algoritmane fungerer. Vi må styrkje opplæringa i digitale ferdigheiter allereie frå tidleg alder, slik at vi som ungdom blir betre rusta til å vere kritiske til innhaldet vi møter på nettet. Og vi må delta aktivt i den politiske debatten, både gjennom valkampar og samfunnsengasjement, for å sikre at stemmene våre blir høyrde.

Manipuleringa i sosiale medium er ein realitet vi ikkje lenger kan oversjå. Vi kan ikkje halde fram med å setje plaster på feil sår – vi må stå saman og krevje ein meir gjennomsiktig og rettvis digital kvardag. Slik at meiningane våre får vere våre eigne – og demokratiet i Noreg lever opp til idealet om fridom og sjølvbestemming.