Nytt høgskuletilbod startar opp

No vert det mogleg å bu i Sauda – og ta lærarutdanning.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje begrensa antal plassar, men det er eit ønske om minst 40 deltakarar, seier Hans Hylen Solberg, prosjektleiar for Utdanning i Ryfylke.

Les saka i Ryfylke!

Torsdag i sist veke vedtok styret i Høgskolen Stord/Haugesund å starta opp desentralisert lærarutdanning i Ryfylke.

Målgruppa er innbyggarar i dei seks ryfylkekommunane Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Sauda, Strand og Suldal – og folk som bur i Etne og Vindafjord kommunar. Det nye studietilbodet er ei grunnskulelærar-utdanning, der ein blir lærar for elevar frå første til sjuande klasse.

Tidlegare i haust, før vedtaket i høgskulestyret var endeleg fatta, blei det halde eit informasjonsmøte om det planlagde utdanningstilbodet. Rundt 30 personar melde då si interesse. Blir det nok studentar startar tilbodet opp alt komande haust.

I det nye studietilbodet vil det bli lagt opp til to årlege samlingar på høgskulen på Stord, lokale samlingar med videooverføringar, nettmøte og diskusjonsforum på nett. Studentane må gjennom munnlege oppgåver og presentasjonar, og skriftlege innleveringar – og sjølvsagt praksisperiodar.

LES OGSÅ: – Høgskulen i Volda kan gløyme å stå åleine