Regjeringa foreslår reklameforbod og strengare kontroll for solarium
Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) ønsker at det bli vanskelegare for unge å ta solarium. Onsdag sender han eit forslag på høyring om strengare reglar.

– Vi er i verdstoppen på hudkreft. Når vi veit at hudkreft kan førebyggjast, og at liv kan reddast om ein unngår solarium, må vi no ta grep, seier Vestre til VG.
Derfor sender han onsdag ut eit forslag på høyring, som inkluderer reklameforbod, skjerpa alderskontroll og krav om informasjon om helserisiko.
Vestre ønsker også at kommunane skal føre tilsyn, som skal finansierast av ei avgift som solariumsverksemdene sjølv må betale.
– Vi har eit ansvar for å informere unge om faren med solarium, og eit ansvar for å hjelpe dei å ta gode solval. Men også eit ansvar for å regulere bransjen betre, seier helseministeren.
Ifølge forsking aukar risikoen for hudkreft stort ved bruk av solarium, spesielt før fylte 35 år.
Kreftforeningen er glad for at helseministeren vil stramme inn solariumsbruken, men hadde helst sett endå strengare tiltak.
– Om ingen brukte solarium, kunne vi unngått 1000 krefttilfelle årleg, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Ingrid Stenstadvold Ross.