Ut mot Sylvi Listhaug:
Elevleiar kritisk til Frp-utspel om skulen: – Ein meir autoritær skule er noko me slett ikkje treng
Elevorganisasjonen Innlandet reagerer på Sylvi Listhaug sine utspel om å straffe dei urolege barna som øydelegg for undervisinga i skulen.

Saka han siktar til er eit intervju med Frp-leiar Sylvi Listhaug, som i VG har sagt at ho ynskjer at Frp skal ha kunnskapsministeren dersom dei blir med i ei ny regjering frå hausten av. I intervjuet lista ho opp ei rekke tiltak partiet ynskjer å innføre for å endre skulen.
– Det er sjokkerande å høyre om mobbing og angrep på lærarar. Det har gått heilt av skaftet, der lærarar vert utsette for vald. Det skal me ha slutt på. Lærarar skal ikkje akseptere å bli utsett for provokasjonar, lugging, slag og andre angrep. I dag har me eit mindretalstyranni mange klasserom, seier ho mellom anna til VG.
Vil ta bråkmakarar ut av klasserommet
Ho ynskjer å ta dei som bråkar og øydelegg for undervisinga ut av klassen, der dei får ei anna oppfølging og opplæring. Ho meiner at ein av grunnane til at nokre bråkar er at dei ikkje meistrar, og føler nederlag på nederlag.
– Derfor må dei få hjelp til å meistre og då må delar av undervisinga endrast, slik at det er meir tilpassa ulike elevar sine behov og nivå. Ein lærar med 28 elevar er sjanselaus til å differensiere undervisinga til alle disse, seier ho vidare til VG.
Elles ynskjer ho «Meir læring, meir disiplin» og at læraren «er sjefen» og har ei rekke konkrete punkt for å endre skulen.
Elevorganisasjonen krev at elevane blir respekterte
– Listhaug nemner i artikkelen at eit problem som har oppstått i norsk skule dei siste åra er vald og ulike angrep på lærarar. Me tviler på at løysinga er at læraren skal ha meir makt til å ta fysisk overhand, skriv Eivind Maurstad Husom, fylkesleiar i Elevorganisasjonen Innlandet på e-post til framtida.no
Dei meiner at dette heller kan bidra til at eleven blir endå meir utagerande.
– Me i Elevorganisasjonen krev at elevane blir respekterte, at alle elevar skal ha likt høve til å lære, og at kvar enkelt elev skal føle seg trygg på skulen.
– Barn som kan slite med problem heimanfrå
– Ein meir autoritær og fysisk valdsom skule er noko me slett ikkje treng i Noreg. «Bråkmakarane» som Listhaug omtalar, er barn og unge som kan slite med problem heimanfrå eller andre ting som plagar dei, og dette påverkar åtferda deira i skulen, skriv fylkesleiar Eivind Maurstad Husom i e-posten til framtida.no.
Han meiner at ein ikkje burde straffe desse elevane, men at det burde bli tilrettelagt for at også desse elevane skal ha likt høve som alle andre til å lære.
– I staden for å straffe, bør vi finne rota til problemet og jobbe vidare derfrå.