Yrket mitt: Andrea (25) er helsefagarbeidar: – Det beste er menneska

Andrea Doria Normann-Hansen (25) blei inspirert av sjukepleiaren som tok vare på henne då ho sjølv var alvorleg sjuk. I dag jobbar ho som helsefagarbeidar i heimetenesta.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

I 2011 vart Andrea Doria Normann-Hansen (25) alvorleg sjuk og budde store delar av året innlagt på sengeposten på Rikshospitalet. Der møtte ho Margunn som var sjukepleiar og tok godt vare på henne og foreldra.

– Det var på grunn av henne at eg bestemte meg for å gå inn helsevesenet, skriv ho på e-post til framtida.no.

Andrea Doria Normann-Hansen

Alder: 25 år
Frå: Horten
Yrke: Helsefagarbeidar
Utdanning: Utdanna helsefagarbeidar og vidareutdanning ved Medlearn nettskule.

Utdanning og lærlingtid

I 2020 starta ho på vidaregåande på helsefaglinja og gjekk så to år i lære der ho mellom anna jobba på helsehus, bustad for trafikkskadde og i heimesjukepleia.

I 2022 tok ho vidareutdanning ved Medlearn nettskule der ho gjekk i djupna på demensomsorg og alderspsykiatri.

Etter vidaregåande og eit år på folkehøgskule, flytta ho til Bergen og jobba i heimesjukepleia.

Sommaren 2023 ville ho flytte heim att til familien og søkte jobb der ho tidlegare hadde vore lærling. Der jobbar ho endå.

– Svarte yrket til forventingane?

– Ja, med store bokstavar. Med ei slik utdanning får du eit godt innblikk i kva det dreier seg om lenge før du er ferdig utdanna, fortel ho.

– Det er ingen dagar som er like og kvar dag byr på nye utfordringar, gleder, latter og sorger.

Ein vanleg arbeidsdag

Andrea Doria Normann-Hansen (25) er helsefagarbeidar.

Andrea startar arbeidsdagen klokka 07. Då møter ho på kontoret, skiftar til uniform, låser ut arbeidsbil og finn arbeidslista for dagen på ein felles mobiltelefon. Før klokka 07.15 les ho seg opp på brukarane ho skal besøke.

– Klokka 07.15 er det rapport, der vi får beskjedar som er gjeldande akkurat denne dagen, som til dømes pasientar som skal til legen eller frisør.

Ho kan ha alt frå fire til 16 brukarar på ein dag, alt etter kva slags hjelp dei treng. Det kan handle om alt frå medisinar og personleg stell til matlaging, støttestrømper, klesvask og søppeltømming.

– Hovudmålet er ikkje at eg skal utføre oppgåvene, men heller leggje til rette og rettleie slik at dei me besøker klarer mest mogleg sjølv.

Midt på dagen møtest dei til lunsj og fagleg påfyll. Andrea har sjølv undervist i symptom på demens og delirium. Etter lunsj er det ofte rapport eller mikrolæring før ettermiddagsbesøk og overlapp med kveldsvakter.

– Ingen er ferdige før alle er ferdige. Har nokon hatt eit fall eller noko akutt som gjer at lista stoppar opp, hjelper vi kvarandre, skriv ho.

– Svara utdanninga til forventingane?

– Ja! Som lærling i Horten kommune måtte eg innom tre ulike arbeidsplassar før fagprøven. Det gav god variasjon og hjelpte meg å finne ut kvar eg trivst best.

Det beste og det mest utfordrande

– Kva er det beste med jobben?

– At eg får høve til å møte så uendeleg mange, unike og flotte sjeler.

Samtidig finst det sider av jobben som er vanskelege, til dømes å møte frustrasjonen frå pårørande utan å kunne bidra med det ein ynskjer fordi det overstig det ein har lov å gjere og ikkje.

– Det å få pårørande til å forstå at det dei gjer er meir enn godt nok, når dei også får kjensla av å ikkje strekke til, og at pasientane mine er så heldige som har slike pårørande som dei.

Misforståingar om yrket

25-åringen opplever at mange har eit feil bilete av kva jobben går ut på, og trur at dei berre steller og vaskar folk i rumpa, eller at dei kan fikse TV-en eller ein tett vask.

– Og at vi «ikkje gjer noko» når vi blir sett i bilane våre – sjølv om telefonen er verktøyet vårt og bilen kontoret. Når vi sit der og trykker på telefonen, jobbar vi faktisk – vi journalfører, les oss opp på pasientar eller snakkar med lege eller AMK.

Ho meiner yrket passar for alle, men særleg dei som er glade i folk, som er omsorgsfulle og løysingsorienterte.

– Jobben blir så bra som du gjer han til sjølv. Det finst ikkje éin dag som er lik. Eg møter ting eg aldri hadde sett føre meg. Å peike på eitt «utruleg» augeblikk er vanskeleg, for det skjer noko nytt heile tida.

Framtidsdraumar

Ho har ikkje heilt konkrete planar for kva som ventar rundt neste sving.

– Men det hadde vore utruleg kult å få jobbe som helsepersonell i Nordsjøen.