Senterungdommen vil gjere det enklare å tilsette dei under 21 år
NHO er skeptiske til forslaget om å kutte i arbeidsgjevaravgifta.

– Det viktige er at vi som samfunn sørgjer for at fleire unge kjem ut i jobb, seier Nils Forren på telefon til Framtida.no.
Han er leiar i Senterungdommen, og dei har fremja eit forslag på Senterpartiet sitt landsmøte om å fjerne arbeidsgjevaravgifta for alle under 21 år. Det vil seie at arbeidsgjevarar vil sleppe å betale denne avgifta for unge tilsette.
– Hovudmålet er at fleire unge skal kome seg ut i jobb. Då må det lønne seg for unge å stå i jobb, og det må lønne seg for arbeidsgjevaren å ta inn uerfaren arbeidskraft.
Kva er arbeidsgjevaravgift?
Arbeidsgjevaravgift er ein del av folketrygdordninga. Arbeidsgjevaren må betale ei avgift for kvar tilsett dei har.
Kor stor avgifta er kjem an på lønna til den tilsette, kvar i landet dei er tilsett, og kva industri dei jobbar i.
Kjelde: Skatteetaten
Forren meiner forslaget kan førebygge at unge blir ståande utanfor arbeidslivet i lengre tid.
– Vi ser at det er mange som blir varig utanfor jobb. Det å gjere unge meir ettertrakta på arbeidsmarknaden for arbeidsgjevarar, trur vi vil vere med å sørgje for at ein kanskje klarer å rekruttere fleire til arbeidslivet.
Nedgang i sommarvikarar
Talet på verksemder som planla å tilsette sommarvikarar gjekk ned i både 2023 og 2024, ifølgje NHO, Næringslivets Hovedorganisasjon.

Victoria Sparrman er samfunnsøkonom i NHO. Foto: UiO
– I denne perioden har det vore høg etterspurnad etter arbeidskraft, samstundes som produksjonen ikkje har auka like mykje, skriv Victoria Sparrman, samfunnsøkonom i NHO, på e-post til Framtida.no.
Ho meiner dette kan ha bidratt til færre sommarvikarar i ein periode.
– Vi har likevel ingen undersøkingar som underbygger at verksemder i mindre grad er villige til å sysselsetje unge, skriv ho vidare.
Sparrman er skeptisk til å kutte i arbeidsgjevaravgifta, og skriv at NHO meiner skattesystemet bør vere så universelt som mogleg. Samfunnsøkonomen viser til tidlegare undersøkingar av lågare arbeidsgjevaravgift for enkelte, som seniorar, der kuttet gav avgrensa effekt på kor mange som vart tilsett.
– I tillegg har det vore relativt høg etterspurnad og kamp om arbeidskraft dei seinare åra. Lågare kostnadar i ein mellombels periode vil dermed berre auke etterspurnaden ytterlegare.
Ho understrekar at det er viktig for NHO at unge får tidleg kontakt med arbeidslivet, til dømes gjennom arbeidspraksis, der både arbeidsgjevarar og arbeidstakarar kan bygge eit felles nettverk.
– Det gir også bedriftene moglegheit til å marknadsføre si bedrift og bransje overfor framtidige arbeidstakarar.
Vil ha meir målretta tiltak

Sindre Hornnes, LOs ungdomsrådgjevar. Foto: LO/Trond Isaksen
Ungdomsrådgjevar i LO, Sindre Hornnes, synest ønsket til Senterungdommen om å inkludere endå fleire i arbeidslivet er viktig og bra, men at ein bør fokusere meir målretta på dei unge som står utanfor arbeidslivet.
– SSB peikar på at for dei mellom 15 og 24 år, hadde 72 prosent av dei sommarjobb eller var innanfor arbeidslivet i 2023. Dette forslaget vil ramme alle og vere ganske dyrt. Då tenker vi at det heller er viktig med den målretta innsatsen mot dei 28 prosentane som er arbeidsledige, seier han på telefon til Framtida.no.
Hornnes viser til Ungdomsgarantien som vart lagt fram av regjeringa i 2024, som blant anna skulle gi tettare oppfølging frå Nav til dei 100 000 unge under 30 år som ikkje stod i arbeid eller utdanning. Han meiner det er viktig å styrke den ordninga.
I tillegg trekker han fram å sikre læreplass når yrkesfagelevar er ferdig med vidaregåande, og tilrettelegging for dei med fysiske og psykiske utfordringar som gjer at dei står utanfor arbeidslivet, som betre prioriteringar.
– Det er jo ein av drivarane for at unge ikkje står i jobb.
Blir truleg ikkje vedteke
Det er tvilsamt at Senterpartiet går til val med å kutte arbeidsgjevaravgift for unge som ein offisiell del av partiprogrammet sitt. Senterpartiet sitt sentralstyre har ifølgje Nils Forren innstilt på å avvise forslaget.
– Men så er det viktig å nemne at dei er heilt einige med problembeskrivinga, og at det trengst løysingar på å få fleire unge ut i arbeid, seier han.
Den endelege avgjerda kjem i løpet av Senterpartiet sitt landsmøte, som varer frå 28. til 30. mars.