Under halvparten av studentane flyttar heim igjen frå Oslo etter enda utdanning
Over halvparten av studentane som fullførte høgare utdanning i Oslo, budde framleis i hovudstaden året etterpå, viser tal frå SSB.

56 prosent av studentane i Oslo budde framleis i byen året etter ferdig utdanning. Av dei som sjølv var vaksen opp i Oslo, budde heile 86 prosent framleis der. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Dette viser korleis lærestadene i Oslo kommune rekrutterer breitt, då tre av fem studentar faktisk har vakse opp i andre fylke enn Oslo og Akershus, seier Maj-Lisa Lervåg, ein av forfattarane bak rapporten.
SSB skriv at tre av ti studentar i Noreg studerer i Oslo. Av Oslo-studentane er berre 17 prosent frå Oslo sjølv. Den andelen aukar til 28 prosent når ein inkluderer Akershus. Vidare kjem det flest studentar til Oslo frå Buskerud, Østfold, Rogaland og Vestfold.
Året etter fullført utdanning er 93 prosent i arbeid, om ein ser bort frå dei som held fram med å studere.