«Ønskjer vi verkeleg at vår skulegang skal finansierast på kostnad av andre barns liv?»
Vi kan velje å ikkje akseptere at Oljefondet investerer i selskap som frårøvar palestinske barn framtida deira, skriv juniorrådgjevar i URO Martine Folkestad.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Barn og unge i Noreg nyt godt av eit av verdas beste utdanningssystem.
Vi har moglegheita til å drøyme om kva vi vil bli, anten det er lege, artist eller ingeniør. Utdanning gir oss verktøya vi treng for å realisere draumane våre, og vi veit at vi kan oppnå det vi vil ved å jobbe hardt.
Tener på palestinske barns liding
For barna i Palestina er kvardagen ein heilt annan. Kvar einaste dag blir dei frårøva retten til skulegang, tryggleik og si eiga framtid.
Våpenkvila i Gaza har kanskje dempa dei umiddelbare kampane, men framtida til barna er framleis svært usikker. Kvar einaste dag lever dei med konsekvensane av ein konflikt som tek frå dei håpet om ei betre framtid.
Statens Pensjonsfond Utland, betre kjent som vårt kjære Oljefond, har investert 30 000 kroner per nordmann i israelske selskap.
Det betyr at vi, direkte og indirekte, tener på palestinske barns liding. For kvar kjem velstanden vår eigentleg frå? Noreg står fram som ein pådrivar for menneskerettar og fred, men samstundes investerer vi milliardar i selskap som tener på okkupasjon.
Moralsk ansvar
Dette handlar ikkje om økonomi, men om eit moralsk ansvar. Ønskjer vi verkeleg at vår skulegang skal finansierast på kostnad av andre barns liv?
Vi kan velje å ikkje akseptere at Oljefondet investerer i selskap som frårøvar palestinske barn framtida deira.
Utdanning og draumar er ein rett for alle, ikkje eit privilegium for nokre få. Difor krev vi at Oljefondet trekkjer seg ut av israelske selskap med umiddelbar verknad.
Eg vil ikkje at min skulegang skal gå på kostnad av andre barns moglegheiter. Vil du?