Krev 18-årsgrense for omskjering

Nettverket «Stopp Omskjæring» krev 18 års aldersgrense når lov om rituell omskjering på offentlege sjukehus trer i kraft 1. januar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konsekvensane av omskjering av gutar kan vere så alvorlege at det krev samtykkje, meiner nettverket.

– Inngrepet er irreversibelt og kan føre til problem med både ereksjon og orgasme. Fleire menn føler seg krenkte fordi dei ikkje fekk velje sjølv, seier Mats Fernando Liland, talsperson for Stopp Omskjæring til Dagsavisen.

LES OGSÅ: – Ei kjensle av tilhøyrsle

Fryktar auke
Nettverket fryktar at dagens talet på på 2.000 omskjeringar i året vil auke kraftig når autorisert helsepersonell blir pålagt å utføre inngrepet.

– Vi meiner at gutar blir diskriminert ved at dei ikkje har same vern av kjønnsorganet som jenter. Eit aukande tal jødar og muslimar lar vere å omskjere gutebarn. Nokre føler seg likevel pressa. Ei aldersgrense kan bidra til at dei står imot presset, seier Liland.

Barneombodet har meint at aldersgrensa bør vere 15 eller 16 år. (©NPK)