Politikk og samfunn

«Fotballkamp er kvinnekamp, også i 2025»

Jenter vil spele fotball på lik linje som gutar, så gi dei moglegheita til det, skriv Mali Berg Zetterstrøm (18).

Mali Berg Zetterstrøm (18)
Kvalitetsklubbansvarleg i Ørsta fotball
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hausten 2021 sende eg mail til Sunnmøre fotballkrets. Mailen sende eg i frustrasjon etter nok ein kamp der eg følte meg forskjellsbehandla av dommaren fordi eg er jente. 

Eg var lei av at vi ikkje fekk takle slik som gutane, og at dommarane reagerte på språkbruken og behandla oss annleis enn gutane. Eg var lei av kommentarar om at slik taklar ikkje jenter og slik snakkar ikkje jenter. 

Eg vart overraska over at dette tydelegvis var første gong kretsen fekk høyre om problemstillinga. I seinare tid har eg fått mange tilbakemeldingar frå andre spelarar og trenarar i klubbar over heile landet som har opplevd det same. 

quote-left

Eg var lei av kommentarar om at slik taklar ikkje jenter

quote-right

Sett på som «det svake kjønn»

Denne kvelden var det dommarane frustrasjonen min gjekk utover. Dessverre stikk problemet mykje djupare enn dette. Kvifor vert 1.-klassingane framleis delte inn etter kjønn på fotballtrening? Kvifor må kvinner i ulike idrettar konkurrere i bikini og små shortsar? Eg trur forventningar er svaret. 

Når eg spør får eg ofte til svar at jentene kan synast det er skummelt, dei er forsiktige og reddare enn gutane. Mange svarer også at jenter deltek i idrett for å vere med venner, ikkje for å drive med idrett. 

Eg sit igjen med følelsen av at dei vaksne rundt idretten framleis ser på jenter som «det svake kjønn». Men dei biologiske forskjellane mellom kjønna er veldig små. Det er dei sosiale forskjellane, dei forskjellane samfunnet lagar som er dei største. 

quote-left

Kvifor må kvinner i ulike idrettar konkurrere i bikini og små shortsar?

quote-right

Rosa t-skjorter og lipsylar

Då Ada Hegerberg vart tidenes første kvinne til å vinne Gullballen i 2018 vart ho spurt om å twerke. Då Spania vann VM i 2023 vart ei av stjernene på laget, Jennifer Hermoso, ufrivillig kyssa av fotballpresident Luis Rubiales.

Dette er berre nokre eksempel på menn som har tatt fokuset vekk frå fotballen, når fokuset eigentleg skulle vere på ein stor prestasjon. I staden for å kunne feire VM-sigrar og andre store hendingar i fotballen, endar vi ofte opp med at fokuset ikkje vert fotball, men noko heilt anna. 

I mange klubbar vert det arrangert ulike former for «jentedagar». Tanken bak er veldig god, men utføringa er noko varierande. Føremålet med dette er å rekruttere fleire jenter til fotballen, noko som er bra. Men ut ifrå eigne erfaringar har eg ikkje følt at ein pizzakveld med utdeling av rosa t-skjorter og lipsylar har vore særleg inspirerande.

Skal vi rekruttere jenter til fotballen må vi fokusere på fotballen. Jenter vil spele fotball på lik linje som gutar, så gi dei moglegheita til det! Spar dykk for dei rosa t-skjortene og gi dei heller dyktige trenarar og garderobefasilitetar på lik linje som gutelaga. Skal ein rekruttere fleire jenter til fotballen treng vi meir enn ein «jentedag». Det hjelper ikkje å ha fokus på jentene éin av 365 dagar i året. Likestillinga må jobbast med dagleg og vi må sjå endring ute på feltet no.

quote-left

Det hjelper ikkje å ha fokus på jentene éin av 365 dagar i året.

quote-right

Språket vårt påverkar dei tronge kjønnsrollene. Kvar dag brukar vi skildringar og uttrykk som set folk i bås. Når det er kvinner som spelar fotball, vert det kalla «kvinnefotball», medan når det er menn som spelar vert det berre kalla fotball.

Det mannsdominerte språket, den sexistiske tankegangen og oppførselen påverkar oss. Dei fleste ord og uttrykk som omhandlar menn er positive, som det å manne seg opp og førstemann. Medan dei fleste som omhandlar kvinner er negative, som sutrekjerring og dramaqueen.

Gratulerer med kvinnedagen!