«Lat meg pilse på eiga tid!»
I lengda spelar det inga rolle når på dagen eg kjøper alkohol, eg kjem til å drikke like mykje uansett – den einaste forskjellen er at eg kanskje vil byrje å drikke tidlegare på dagen, skriv Tina Emilie Søfteland Revheim
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Vi må skilje mellom alkoholpolitikk som hindrar folk frå å skade seg, og alkoholpolitikk som hindrar folk i å kose seg.
Når eg skal kjøpe meg alkohol, er det alltid eit styr å kome seg fram til butikken eller polet før salet stenger. Dette er ikkje noko som hindrar meg frå å drikke alkohol, det er berre eit irritasjonsmoment i ein allereie hektisk studentkvardag.
Dagens alkohollovar er unødvendig strenge.
Slik det er i dag, kan ein berre kjøpe alkohol fram til klokka åtte på vekedagane og klokka seks på laurdagane, og Vinmonopolet har endå strengare retningslinjer. På sundagar er det ikkje mogleg å kjøpe alkohol i det heile tatt.
Alkoholpolitikken vår fungerer ikkje
Eg vil ikkje vere tvungen til å dra på polet før klokka fire ein laurdag ettermiddag. For i lengda spelar det inga rolle når på dagen eg kjøper alkohol, eg kjem til å drikke like mykje uansett – den einaste forskjellen er at eg kanskje vil byrje å drikke tidlegare på dagen.
Problema med alkohol kjem ikkje frå dei som vil kjøpe seg ein pils på butikken klokka åtte om kvelden, men frå dei som kjøper sprit på polet klokka åtte om morgonen. Det er heller ikkje slik at det å drikke alkohol i helgene er noko mindre farleg enn å drikke midt i veka, slik opningstidene antydar – snarare tvert imot.
Ofte høyrer vi at strenge reglar for sal og skjenking av alkohol er nødvendige for å avgrense skadeleg drikking. Men fungerer eigentleg denne politikken slik han er meint?
Noreg har ein av Europas strengaste alkoholpolitikkar, men likevel slit mange med alkoholrelaterte problem. Alkoholisme og skadeleg drikking er framleis utbreidd, og det er ingenting som tyder på at avgrensa tilgang åleine er ei løysing på desse utfordringane.
Land som Nederland, med svært liberale alkoholreglar, gjer det langt betre enn Noreg. Dette tyder på at alkoholpolitikken vår ikkje fungerer, og at det ikkje er tilgangen, men heller kulturen, som er problemet.
Moraliserande politikk
Om vi skal fikse problema med alkohol i Noreg, er ikkje løysinga å gjere kvardagen kjipare for vanlege folk med fornuftig alkoholkonsum. Løysingane kjem gjennom førebygging, oppfølging og – ikkje minst – gode hjelpetilbod for dei som slit.
Eg vil ikkje måtte planleggje dagen min i detalj for å få tid til å stikke innom polet. Klart, om eg hadde planlagt betre, kunne eg kanskje unngått dette problemet, men eg ønskjer ein alkoholpolitikk som er mest mogleg praktisk for folket. Når reglane vi har i dag verken klarer å førebyggje alkoholisme eller redusere vanlege folks alkoholkonsum, er dei verken gode eller førebyggjande – berre moraliserande politikk.
Eg vil ha fridom til å velje sjølv når eg skal kjøpe alkohol.
Eg vil at butikkane og polet skal få velje sjølve når dei stenger ølsalet. Kjære politikarar, liberaliser alkoholpolitikken og lat meg pilse på eiga tid!