Klima og miljø

«Me må slutte å snakke om kor deilig det er at våren og det varme vêret kjem tidleg»

– Om me ikkje endrar måten me pratar om dette på, so kjem heller ikkje samfunnet, eller problemet til å endre seg, og då sit me til slutt på sofaen med ski på beina, og lurar på kvar snøen blei av, skriv Ingvill Torgersen i Troms Natur og Ungdom.

Ingvill Mathilde Torgersen (16)
Leiar i Troms Natur og Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei siste dagane har ein kunne lest i aviser og på sosiale medium om strålande vårvêr, ei sol som skin som aldri før, og temperaturar ein vanlegvis berre kan sjå på målestokken i mai.

Men dette skremmer meg.

Det er svært få, nesten ingen som pratar om grunnen til at det er slik, om den verkelege elefanten i rommet; global oppvarming.

Fordi det er korkje vanleg, eller flott at det er like varmt i slutten av februar, som det plar vere i slutten av mai.

Det skremmer meg kor positivt innstilte me er, og det skremmer meg at ingen lyftar stemma si og seier Stopp!

Den fyrste hestehoven har vist seg i Harstad sentrum, i slutten av februar. Det er ikkje lengre snø på vegane, og målestokken, den viser langt høgare temperaturar enn det me er vande til på denne tida av året.

I Nord-Noreg er det ikkje uvanleg at det er sludd og snø på 17. mai, men no uroar eg meg over om me får snø til påsken.

Grunnen til alt dette mildvêret veit me godt.

Det er klimaendringane, den globale oppvarminga. Kloda koker, og dette leiar til ekstremvêr i heile verda, også her i Noreg. Det gir oss kortare vintrar, og hyppigare flaum, storm og tørke.

Dette kjem til å bli vanlegare og vanlegare i åra som kjem.

I alle fall om me ikkje gjer ei drastisk endring. Ei endring som me i miljørørsla har bedt om i fleire tiår.

I 2022 kunne Meteorologisk institutt melde om at eit av dei kaldaste steda i Sør-Noreg, Sokna i Buskerud, hadde mista 36 skidagar på 30 år.

Også andre plassar i Noreg kan ein merke at den globale oppvarminga tærer på; i 2022 kunne ein lese at vinteren i Longyearbyen på Svalbard har blitt 4 gradar varmare dei siste 30 åra.

Dette er dramatiske tal, og er sterke døme på kor fort verda blir varmare, og kor fort ein ser endring.

Det er faktisk slik at me må fly mindre, kjøpe mindre, me må fase ut olje- og gassnæringane, og me må satse på fornybare næringar.

Vanlege menneske må gjere små ting, men hovudansvaret ligg hos politikarane.

Me har behov for systemendring.

Det må mellom anna settast inn strengare krav til klesindustrien, Noreg må satse på kollektivtransport i heile landet, og me må omstille oss frå fossile industriar til dei fornybare, grøne næringane me skal leve av i framtida. For å nemne noko.

Det er mange ting som må gjerast, men ein ting me alle kan gjere er å endre måten me omtalar vêrendringane.

Me må slutte å snakke om kor deilig det er at våren og det varme vêret kjem tidleg, og i staden lyfte stemmene våre og snakke om rota til problemet; klimaendringar og handlingslamma politikarar.

For om me ikkje endrar måten me pratar om dette på, so kjem heller ikkje samfunnet, eller problemet til å endre seg, og då sit me til slutt på sofaen med ski på beina, og lurar på kvar snøen blei av.