Vil ha sjakkløft i skulen

Norges Sjakkforbund og Bård Vegar Solhjell vil ha stortingsdebatt om sjakk i skulen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har hatt 25 prosent auke i medlemstala i år, og det er unikt. Så mange medlemmer har me ikkje hatt sidan tidleg på 1990-tallet, seier generalsekretær i Norges sjakkforbund , Geir Nesheim, til Utdanning.no, som i samband med sjakk-VM set fokus på sjakk i skulen.

LES OGSÅ: Søt sjakk-feber 

Skulesjakkløftet
Sjakkforbundet vil nytte seg av det nokon kallar Carlsen-effekten og smir medan jernet er varmt.

Nesheim fortel til nettstaden at dei er i gang med kraftige framstøt mot den norske skulen.

Norges sjakkforbund har allereie gjennomført eit treårig prosjekt med sjakk i skulen som vart avslutta sommaren 2013. 5000 gratis sjakkbrett vart delt ut til skuleklassar og tusenvis av born fekk sjakkopplæring. I tillegg vart det arrangert lokale turneringar for 2400 elevar ble gjennom prosjektet. 

– Det ga oss eit grunnlag for å forstå korleis dette kan fungera. Særleg Buskerud og Troms gjennomførte store testar på sjakk i skulen. I etterkant av suksessen til Magnus Carlsen har me styrka administrasjonen i Norges sjakkforbund, og me planlegg no eit nytt skulesjakkløft som vert sett i gang veldig snart, seier Nesheim.

Generalsekretæren i Sjakkforbundet viser til interesse blant politikarane og internasjonal medvind.

LES OGSÅ: Ei ny von for tankesportane 

Sjakk-Solhjell
Stortingsrepresentant og tidlegare kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV) jobbar saman med andre politikarar og Sjakkforbundet med å arrangere ei høyring i Stortinget om sjakk i skulen.

Målet er å få i stand ei høyring i løpet av vinteren for å sjå på erfaringar med sjakk i skulen og forskinga som finst på området.

– Det går ei bølgje internasjonalt der mange land tek i bruk sjakk som et læringsverkty i skulen. Mange titals land har det som valfag eller nyttar det som ein metode i enkelte fag. I Armenia innførte dei sjakk som obligatorisk fag i skulen for få år sidan. Storbritannia, Tyskland og Spania er døme på andre land som har teke det i bruk, seier Solhjell til Utdanning.no

Han ynskjer likevel ikkje at sjakk skal verte eit obligatorisk fag i den norske skulen.

– Eg er oppteken av om dette kan vere eit verkty som det er mogleg for lærarar å velje å nytta i skulane. Eg er tilhengjar av metodefridom i skulen. Eg trur heller ikkje at ein kan dokumentere ennå at sjakk fremmar betre læring. Det finnes studiar som tydar på at det kan føra til betre læring og har positive sosiale effektar, men dette er ikkje godt nok dokumentert, seier SV-politikaren.

LES OGSÅ: Vil ha nynorsk i alle fag 

Lokkande verdsmeister
Nesheim peikar på at dei i EU snakkar om å innføra sjakk som ein del av pensumet i skulen, og at halvparten statane i USA allereie har sjakk på pensum.

– Noreg ligg litt etter når det kjem til arbeidet med sjakk i skulen, meinar generalsekretæren i Sjakkforbundet, som har kontakt med sjakk i skulen-prosjekt i både Sverige og Danmark.

– Me har verdsmeisteren i sjakk, noko som gjer at mange er interesserte i eit samarbeid, avsluttar han.