Då eg var 20: Atle Grønn fann kjærleiken i Frankrike

Sjakkeksperten elska å studere fransk, og er nesten flau over kor mykje han las.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 21.10.2024 08:10

– Eg tok skrittet frå å vera ein litt useriøs fulltids sjakkspelar våren 91 (med studielån utan å studera) til å vera ein særs seriøs franskstudent hausten 91. Eg snusa òg litt på russisk på den tida, minnest Atle Grønn om livet som 20-åring.

For mange nordmenn er Grønn først og fremst kjent som sjakkekspert i NRK sine romjulssendingar. Denne veka fortalde han at han gir seg etter ti år med sjakksendingar på kanalen. Han gler seg til å få vera litt heime med familien i jula.

Det sterkaste minnet til Grønn frå då han var 20 år, er at han møtte det som skulle bli kona hans. Livet endra seg frå å vera ein ganske nøgd, men litt einsam student, til å få seg kjærast.

Våren 92 (framleis 20!) møtte eg Vibeke i Frankrike. Det skulle endra alt. Vi er framleis gifte, fortel han i ein e-post til Framtida.

Hybeleksperiment

Før den tid, i 1991, flytta Grønn til Sogn studentby. Hybelen var berre ti minutt med buss frå foreldra på Kjelsås i Oslo.

– Å flytta var ikkje naudsynt, men eit slags eksperiment. Eg heldt fram med å vaska klede heime hos mamma, og eg nytta aldri felleskjøkkenet på Sogn. Eg skjønar ikkje korleis eg fekk i meg mat, eg tok vel noko i handa, rett frå butikken, undrast han.

I tillegg til å vera sjakkekspert hos NRK, er Grønn sjølv internasjonal meister i sjakk og professor i russisk ved Universitetet i Oslo. Som 20-åring bestemde han seg for å bli ein seriøs student. Kvardagen gjekk i å lesa fransk grammatikk og fransk litteratur frå morgon til kveld.

– Eg sat mykje åleine og las, òg i helgene. Ein kveld i veka spela eg sjakk med noregseliten som møttest i klubben på Majorstua. Vi hadde ikkje internett, så for å spela og trena sjakk måtte vi møtast fysisk, minnest han.

Nerd, men ikkje stille

Grønn hugsar særleg at han las romanen Rødt og svart av Stendhal på fransk, hausten 1991.

– Det var ei stor oppleving. Eg noterte alle ord eg ikkje kunne i ei lita notisbok, som eg framleis har.

Elles høyrde han mykje på den franske visesongaren George Brassens.

– Han hadde eit saftig språk, og eg noterte som alltid ned alle dei nye glosene.

Om 53-åringen hadde møtt seg sjølv som 20-åring, ville han tenkt at han var ein nerd.

Stendhal gjorde inntrykk på Atle Grønn som 20-åring. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Men eg var ikkje ein stille nerd. Eg kunne ta ordet. Frå sjakken var eg vand til å diskutera med eldre, godt vaksne folk. Eg hadde lite sosial kontakt med jamgamle medstudentar, men eg hadde eit par gode veninner på fransken, og eg gjekk på nokre få festar.

Sjakkturnering på den store dagen

20-årsdagen 7. august 1991 vart ikkje brukt til festing. I staden spela Atle Grønn i ei internasjonal sjakkturnering på Gausdal. Det vart remis mot Roy Fyllingen, som vart noregsmeister i 1998.

– Eg feira ikkje dagen, eg fekk ingen gratulasjonar (anna enn frå familien) då eg ikkje fortalde nokon om bursdagen. Eg hugsar at om kvelden, etter sjakkpartiet, sa eg til ein eldre sjakkspelar (òg ein noregsmeister): «Jeg fyller 20 år i dag, men det er ikke noe å snakke om».

I 1991 vart òg Sovjetunionen oppløyst. Oppløysinga var viktig for Grønn, då det kom nye, sterke ekssovjetiske sjakkspelarar i tusental til Vest-Europa.

Atle Grønn i Norsk Sjakkblad. Her er han litt yngre enn 20 år. | Foto: Privat

– Eg spela mot mange av desse i ulike turneringar, minnest Grønn.

Franskstudina Vibeke

Grønn visste ikkje kva han skulle bli i livet, men var som 20-åring kome til at han ikkje berre kunne spela sjakk utan mål og meining.

– Eg tok eit val om å studera seriøst på universitetet – og eg elska det. Det er nesten flautt å seia kor mykje eg las på den tida, så det vil eg ikkje talfesta.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg tenkte at eg kan henda ville enda opp som matematikklærar. Men eg var så fascinert av fransk grammatikk og litteratur at eg ville setja av nokre år til språkstudium før matematikken … (I røynda vart det språk resten av livet). Eg var heilt uinteressert i ein karriere for å tena pengar.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Frå våren 92 var det ikkje nokon tvil: franskstudina Vibeke. Hausten 91 hadde eg ingen spesielle. Men eg hadde ein kjær familie og nokre gode sjakkvener.   

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg gjorde eit par småting for å vera kul, men i ettertid var det berre teit. Så rådet mitt er: Ikkje prøv å vera kul. Men eg tok mange gode val på den tida. Eg var ein ganske annan person som 20-åring enn som 19-åring. Eg var heldig som ikkje hadde internett og kunne lesa utan stans. Og så var det ein genistrek for ein sjakknerd å studera jentefaget fransk, der Vibeke dukka opp.