Politikk og samfunn

Nye fjes betyr ikkje ny politikk

– Vi treng ikkje nye ansikt i regjeringa. Vi treng ei ny regjering som faktisk prioriterer vanlege folk og næringslivet, skriv Julian Beck frå FpU.

Julian Beck (17)
2. vara i Innlandet FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For ei lita stund sidan fekk vi presentert åtte nye statsrådar då Senterpartiet gjekk ut av regjeringa, inkludert tidlegare statsminister og avtroppande Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg. Dette har ført til mykje merksemd i media, men sjølv om vi har fått inn nye fjes i regjeringa betyr det ikkje at politikken deira kjem til å endrast.

Under Aps vakt har vi hatt enorme prisaukar. Matprisane har skote i vêret, drivstoffprisane har vore og er ganske høge og straumrekningane har også vore ei belastning for veldig mange hushald og spesielt for næringslivet. Dette er ikkje berre eit resultat av globale kriser som krigen i Ukraina, men også politiske val som ikkje har prioritert å dempe desse kostnadene for oss forbrukarane og næringslivet. Sjølv om vi får nye statsrådar, tviler eg sterkt på at regjeringa vil endre kursen og ta tak i desse utfordringane på ein meir effektiv måte.

Stoltenberg er ingen garanti for endring

Jens Stoltenbergs comeback til norsk politikk kan vere ei lita trøyst for nokon, men ikkje gløym at han representerer same parti og politikk som har vore med på å forme dagens situasjon. Han er ein erfaren politikar, det skal han ha, men det er ingen garanti for at nærværet hans vil føre til nokre endringar i politikken som påverkar folks kvardag.

Det som også er fascinerande, men også frustrerande, er kor fort nordmenn gløymer korleis Arbeidarpartiets politikk har bidrege til dagens utfordringar. Frå auka skattar og avgifter, til ein energipolitikk som har sett oss i ein sårbar posisjon, har Aps styre dei tre siste åra ikkje akkurat vore prega av dei beste augneblinkane. Likevel har «Stoltenberg-effekten» ført til at nordmenn har snudd tilbake til Arbeidarpartiet i dei ferskaste meiningsmålingane. Det er som om vi gløymer kva som har vore dei tre siste åra.

Treng ei regjering med fornuftige løysingar

Framstegspartiet har fleire gonger foreslått å kutte kraftig i skattar og avgifter, slik at folk får meir i lommeboka. Dette kan hjelpe folk som slit med stigande levekostnader, og det vil også gi bedrifter betre grunnlag for å utvikle seg og tene inn endå meir pengar, i staden for at staten berre krev inn pengar. Derfor har Framstegspartiet foreslått i det alternative statsbudsjettet sitt å kutte skattar og avgifter med litt over 55 milliardar kroner.

Framstegspartiet har også vore tydelege på behovet for å redusere straumprisane gjennom ein fornuftig energipolitikk som til dømes å innføre makspris på 50 øre/kWh eller å seie ja til kjernekraft som produserer billig og mykje straum.

Vi treng ikkje nye ansikt i regjeringa. Vi treng ei ny regjering som faktisk prioriterer vanlege folk og næringslivet. Ei regjering som vil gi folket fornuftige løysingar til dei problema vi står ovanfor.