Venstre vil gje 10 mill. til økoskulen

Som klima- og miljøtiltak vil Venstre satsa på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gje 10 mill. til økoskulen

I dag la Venstre fram sitt alternative statsbudsjett for 2015. Dei vil gje 3,7 milliardar mindre i skatteletter enn den blåblå regjeringa og heller prioritera grønt.

– Me legg først og fremst eit grønt budsjett som tek klimautfordringane på alvor. Det er eit sosialt og varmt budsjett, som hjelper dei som er nedst på rangstigen. Det er eit budsjett som satsar på kunnskap og omstilling, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

LES OGSÅ: – Nedlegging vil bli eit tap for heile landet

Kjempar for økologisk landbruk
Venstre har sett av 4,2 milliardar til klima- og miljøtiltak. Styrking av kollektivtransport, auka satsing på jernbane og belønningsordning for sykkel er nokre av tiltaka.

Som klima- og miljøtiltak foreslår Venstre òg å gje 10 millionar til Sogn Jord- og Hagebruksskule, som har vore nedleggingstruga i lang tid.

Tidlegare i år vitja Venstre-leiaren skulen i Aurland i Sogn og Fjordane.

Etter besøket uttalte partileiaren til NRK at ho ville kjempe for tilbodet.

 – Det var veldig interessant og lærerikt, spesielt for oss som kjempar for at vi skal ha gode landbruksutdanningar òg innanfor økologisk landbruk, så er det klart at dette er ein skule som er spennande og viktig å halde på for å sørge for at vi får utdanna agronomar som også kan det, sa Skei Grande til NRK Sogn og Fjordane i mars. 

Skulen, som er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, treng oppussing for mellom 50 og 80 millionar kroner. Fyrste byggjetrinn har ein prislapp på 43 millionar kroner.

Fylkeskommunen har kome fram til at dei kan dekkje 26 millionar kroner, dersom dei får hjelp til resten.  Aurland kommune har sagt seg villige til å bidra med fem millionar og skulen si venneforeinig har starta kronerulling for å dekkje resten av kostnadane til fyrste byggjetrinn.

Både kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og landbruksminister Sylvi Listhaug har vorte utfordra til å redda skulen, men i budsjettforslaget til regjeringa har ikkje Noregs einaste økologiske landsbruksskule fått ei einaste krone. 

LES OGSÅ: Ber regjeringa redda økoskulen

Grønt skifte
Venstre har kritisert regjeringa sitt statsbudsjett for manglande grøn profil og vil gjere det dyrare å forureine.

I sitt alternative budsjett har dei lagt inn grøne skatteskjerpingar på 9,8 milliardar kroner. I tillegg går partiet inn for 3,4 milliardar i grøne skatteletter.

Venstre går imot regjeringas forslag om å ikkje prisjustere bensinavgifta, og vil auke avgifta med 50 øre literen. Dei vil òg auke Co2-avgifta på bensin og diesel med 25 øre literen.

Flyreiser skal verte dyrare ved å innføre ei avgift etter tysk modell.

På Twitter haustar Venstre sitt budsjett lovord frå miljøinteresserte:

LES OGSÅ: KRF: – Dropp kutt i formueskatten

3 mrd. færre oljekroner
Både Venstre og KrF har kritisert regjeringa for å ha ein usosial profil i statsbudsjettet.

I tillegg til ei utprega grøn satsing har Venstre lagt opp til ei samla fattigdomssatsing på 2,5 milliardar kroner.

Dei vil òg fjerna regjeringa sine kutt i overgangsstønaden og barnetillegga i uføretrygda.

I likheit med KrF – som la fram sitt alternative budsjett fredag – går Venstre inn for mindre oljepengebruk enn regjeringa. Venstre vil bruka tre milliardar færre oljekroner enn regjeringa.