Samling for nynorske barnebokformidlarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barneboksamling i Førde

– Målet med arrangementet er å få til ei fagleg samling der ulike aktørar rundt den nynorske barneboka møtest og deler innsikt og kunnskap, seier høgskulelektor Janne Karin Støylen ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i Volda.

Ho har i mange år arbeidd med å formidla nynorsk barnelitteratur og er ein av bidragsytarane på formidlingstreffet som blir arrangert i Førde 12. november og på Stord 5. november.

Støylen seier det er mange aktørar som arbeider med nynorsk barnelitteratur, men ikkje alltid i lag.

– Ofte er det slik at dei ulike faggrupper møtest kvar for seg. Bibliotekarane reiser på seminar for bibliotekarar, lærarar reiser på kurs for lærarar og så vidare. Her er det eit poeng å laga ein møteplass for alle som ivrar for at den nynorske barnelitteraturen skal få fleire lesarar.

LES OGSÅ: Førde vil bli nynorskbyen

Breitt samarbeid
Det Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som har teke initiativ til tiltaket, som er eit breitt samarbeid mellom Førde kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, høgare utdanning, forfattarar og forlag.

Målgruppa er alt frå ulike profesjonsgrupper som bibliotekarar og lærarar til foreldre og besteforeldre.

– Det vil seia den vaksne mellom barnet og boka, altså formidlaren, seier Støylen.

LES OGSÅ: Kva er ein god barnebok-app?

Prøvesteinar
– Sogn og Fjordane er nynorskfylket nummer ein her i landet. Ville det ikkje vera meir naturleg å leggja eit slikt arrangementet til ein annan stad der nynorsk er meir truga?

– Det kan eg vera einig i, men det er to svar på det spørsmålet, seier Støylen.

Ho peikar på at Landssamanslutninga av nynorskkommunar ser for seg å laga liknande arrangement saman med fylkesbiblioteka i fleire fylke.

– Hordaland og Stord er først ute med slike formidlingsseminar, veka før Førde, slik at dette arrangementet er nummer to i ei rad vi vonar blir lengre, seier Støylen. Ho omtalar dei første arrangementa som ein slags prøvesteinar.

Ho strekar vidare under at barn som veks opp i kommunar med nynorsk som administrasjonsspråk, har ein heilt annan kvardag enn barn som veks opp i kommunar med bokmål.

– Dei blir i mykje mindre grad eksponerte for sitt eige skriftspråk rundt seg. Difor er det viktig å støtta kvarandre og gjera dei vaksne som formidlar litteratur til ungane merksame på fordelane ved at barna får lesa nynorsk barnelitteratur.

LES OGSÅ: Fantasy-dronning til Falturiltu

– Treng ei heil rørsle
Støylen peikar på at nynorske barnebøker held svært høg kvalitet, men at det desse bøkene paradoksalt nok likevel scorar lågt på utlånsstatistikken på biblioteka og på salsstatistikken i bokhandlarane.

Ho har i mange år reist rundt i landet for å inspirera og motivera andre til å oppdaga den nynorske barnebokskatten og spreia denne til andre. No vil ho ha fleire med på laget.

– Det monnar for lite at eg reiser land og strand rundt og dryppar dropar i havet. Det trengst fleire formidlarar som kan skapa ei stor rørsle som seier det same, seier Janne Karin Støylen. (©NPK)

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk