Joe Biden gav milliardar til fornybar energi på tampen av presidentperioden

I dei siste dagane som president i USA gav Joe Biden mykje pengar til grøne prosjekt.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Biden-administrasjonen har delt ut meir enn 27 milliardar dollar til prosjekt som driv med fornybar energi. Det utgjer over 300 milliardar norske kroner.

Måndag byrja Donald Trump igjen i jobben som president i USA.

Mange fryktar at politikken til Donald Trump vil gå hardt utover klimaet. Førre gong han var president, trekte Trump USA ut av Parisavtalen, noko han starta den nye presidentperioden med å gjere igjen.

Mange spør seg no kva nok ein Trump-periode vil tyde for klimaet.

Donald Trump er nok ein gong president i USA. | Foto: Gage Skidmore

Joe Biden, som har vore USAs president dei siste fire åra, har dei siste dagane som president skunda seg med å dele ut mykje pengar til prosjekt som driv med grøn energi, før Donald Trump får handa på rattet.

Biden har mellom anna delt ut pengar til vasskraft, solenergi, hydrogen og biodrivstoff.