Fire argument for å ikkje dra på utveksling – og fire for å hoppe i det
Om du vurderer å dra på utveksling til hausten, må du snart bestemme deg. Fristen nærmar seg med stormskritt, og det kan kjennast som ei stor avgjersle.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
For akkurat eitt år sidan var eg i same situasjon, og eg kan avsløre at eg enda opp med å tvila meg til å dra.
Her er nokre ærlege fordelar og ulemper med å dra på utveksling:
Ulemper
Fordelane med å dra føler eg ein får kasta i fleisen heile tida, så la oss starte med ulempene med å dra på utveksling.
Mykje papirarbeid
Ein kjem ikkje utanom det, det er drøssevis av skjema og dokument som skal signerast. Det er mykje ekstra arbeid som ein slepp viss ein ikkje drar.
Reiseforsikring, visum, stipend, godkjenning frå ditt og datt, søknader her og der. Det kan kjennast som om det aldri tek slutt. Eg har vore heime frå utveksling i éin månad, og det er framleis ting å sende inn. Det kan vere slitsamt, men ein kjem ikkje unna det.
Det er skummelt
Det er ikkje berre-berre å reise frå alt ein kjenner, og dra aleine til eit heilt nytt land. Ein kjenner kanskje ingen andre nordmenn som skal til same plass, og kanskje du ikkje kan språket eingong.
Og så må du, heilt aleine, finne ein stad å bu og så må du finne ut korleis du kjem deg dit. Korleis fungerer tog og buss? Finst det studentrabatt? Kva område av byen bør ein halde seg unna på kveldstid? Det er alltid noko nytt å finne ut av.
Det finst ofte folk som kan hjelpe deg, men ver førebudd på at du må finne ut av mykje sjølv.
Ein går glipp av ting heime
Dette kan vere både sosialt og fagleg. Sosialt kan ein få FOMO, særleg viss mange av venane dine skal vere heime og ikkje utveksle. Det kan kjennast som om dei kjem til å gløyme deg, eller i alle høve at det er kjipt å vere borte frå dei så lenge.
Fagleg kan det hende at du går glipp av ting. Det varierer frå studiestad til studiestad korleis studieløpet er lagt opp, men for meg var det i alle høve slik at eg ikkje fekk tatt alle dei emna eg eigentleg ville ha fordi eg drog på utveksling.
Det er sannsynlegvis ikkje eit stort problem, men viss du må ta noko kjedeleg i staden for noko gøy når du kjem heim igjen, kan det vere tunga på vektskåla. Sjekk derfor om det er nokre emne som berre går på våren eller hausten, og ta det med i vurderinga.
Det kan vere dyrt
Dette kjem veldig an på kor ein drar, men utveksling kan potensielt koste ein del pengar. Det er vanlegvis gode stønadsordningar, men skal du reise langt, og viss du må betale skulepengar, eller utveksle til ein by der leigemarknaden er pressa, må du vere førebudd på å betale ein del.
I tillegg er det ofte vanskeleg å få seg jobb medan ein er på utveksling, så ei slik ekstra inntekt som ein kanskje er vand med kjem plutseleg ikkje inn på konto kvar månad. Eg fekk også alle mine stipend og lån før eg drog, i staden for litt kvar månad. Du får like mykje pengar, men det krev litt meir disiplin.
Fordelar
Det er ikkje berre ulemper med å dra på utveksling. Fordelane er kanskje litt meir abstrakte, men veg minst like tungt, synest eg.
Oppleving for livet
Det er ein klisjé, men det er verkeleg ei oppleving for livet. Du får livet snudd på hovudet for ein periode, men framleis innanfor relativt trygge rammer. Du får sjå delar av verda du kanskje aldri elles hadde besøkt. Ikkje berre det, men du får budd der. Det gir ei heilt anna forståing av kulturen som er utruleg kul å ha, som du kjem til å ha med deg resten av livet.
I ein bachelor- eller mastergrad kan det bli mange semester som liknar veldig på kvarandre, og då kan det vere deilig å gjere noko annleis, og bryte litt opp i rutinane. Det er også ekstra hyggeleg å vere tilbake på heim-campusen etter å ha vore borte eit halvt eller heilt år.
Fri frå pliktar og forventningar
Når du drar på utveksling får du ein pause frå alle forpliktingar du har heime. Du slepp å oppretthalde det imaget av deg sjølv du har laga, du kan berre vere deg sjølv, eventuelt ein du vil vere. Gjer kva du vil, det er ingen som veit korleis du pleier å vere.
Du slepp også å gjere ting som det kjenst som du må når du er heime. Du treng til dømes ikkje dra heim til mamma og pappa i helga og fikse Wifi-en. Du er på utveksling, dei får klare seg sjølve.
Du får vennar frå heile verda
Uansett kor du drar kjem du sannsynlegvis til å bli kjend med andre utvekslingsstudentar. Dei er i same situasjon som deg og er kjempeinteresserte i få vennar. Du kan bli kjend med folk frå heile verda: Italia, England, Mexico, Hongkong eller USA. Kor kult er det ikkje å ha nokon ein kan besøke i Australia eller sove på sofaen til i Wien?
Dei kjem også til å spørje om Noreg, og då kan du seie at det ikkje er nordlys kvar dag og at det ikkje er tre meter høge brøytekantar og 20 minusgrader heile året.
Meistringskjensle
Viss du bestemmer deg for å dra, kan eg nesten garantere at du får det til. Ja, det er mange søknadar og skjema som må fyllast ut og sendast hit og dit, men du kjem til å få det til. Spør rådgjevarar og utvekslingskoordinatorar om alt du lurer på, det er jobben deira å hjelpe deg.
Ja, det er skummelt å reise til eit anna land heilt aleine, og finne ein plass å bu, og finne ut korleis alt funkar, men du klarar det, og når du klarar det er det ei fantastisk kjensle.
Send inn søknad, og dra!
I denne fasen kan det kjennast overveldande med alt ein må ordne viss ein skal på utveksling.
Noko som hjelpte meg var å tenke på alle som har gjort det før meg, og som har fått det til. Eg har aldri høyrt om nokon som ville på utveksling, men som ikkje drog fordi dei ikkje fekk det til. Viss du har lyst, får du det til du også.
Viss du framleis er i tvil er det eit godt tips at du uansett søker om å dra. Viss du angrar deg seinare melder du deg berre av. Det er ikkje verre enn det. Det er ingen som kastar deg i fengsel fordi du ikkje drog på utveksling sjølv om du sa du skulle det.
Derfor: søk!