Kvifor færre plagg gjev meir meining – eit nyttårsforsett!
Å kjøpe maks fem nye plagg i året har vore ein enkel måte å gjere noko godt for både lommeboka, planeten og meg sjølv. Kreativiteten auka, og forbruket blei redusert! skriv Embla Karitas Thorgeirsdóttir (22).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
«Kor mange nye plagg kjøpte du i år?»
Då eg stilte meg sjølv dette spørsmålet på denne tida i fjor, innsåg eg at det var så mange at eg ikkje hugsa. Det kjendest ikkje bra.
Så oppdaga eg Framtiden i våre henders #5plagg-utfordring: å kjøpe maks fem nye plagg i året.
Eg gjorde det til mitt nyttårsforsett for 2024. Det har vore ein enkel måte å gjere noko godt for både lommeboka, planeten og meg sjølv. Kreativiteten auka, og forbruket blei redusert!
Ein gjennomsnittleg garderobe i Noreg består av heile 359 plagg. Vi kjøper dobbelt så mykje klede som vi gjorde på 1990-talet, ifølgje Framtiden i våre hender.
Vi veit at dette ikkje er bra for planeten. Kledeindustrien står for meir utslepp enn fly og skipsfart til saman. Og det kan vel ikkje vere nødvendig med så mange plagg i klesskapet?
Her er tre gode grunnar til at du også burde ta utfordringa
1. Du sparer pengar
Dei økonomiske fordelane med #5plagg kjem av at ein avgrensar impulskjøp.
Fordi eg berre kunne kjøpe fem nye plagg, brukte eg mykje tid på å vurdere kvart kjøp og laga meg klare reglar: Viss eg skulle kjøpe noko nytt, måtte det anten vere så unikt at eg ikkje klarte å slutte å tenkje på det, eller så måtte eg trenge det og ikkje finne det brukt.
Dette hjelpte meg å gjere meir gjennomtenkte val og eg sparte mykje pengar.
Etter kvart vart det også gøy å leite etter brukte klede i gode materiale, og eg gjorde mange kupp.
2. Du unngår å støtte fast fashion-industrien
Mindre forbruk betyr også mindre støtte til fast fashion-industrien. Denne industrien er kjend for dårlege arbeidsforhold, låg kvalitet og høg ressursforbruk.
I tillegg er mange av plagga laga av plastmateriale som belastar miljøet ytterlegare. Å kjøpe mindre, og å velje kvalitetsklede brukt, er ein enkel måte å redusere støtta til denne industrien.
Det er verdt å nemne at overforbruk av brukte klede heller ikkje er ideelt, men å avgrense antal nye plagg ein kjøper, er utvilsamt eit godt etisk val – med omsyn for planeten og for dei som lagar kleda.
3. Du får ein stil som reflekterer deg, og ikkje trendane
Denne utfordringa har også hatt positiv innverknad på meg personleg. Eg har lært meg å setje meir pris på kleda eg allereie eig og funne nye måtar å style dei på.
Eg føler meg tryggare på stilen min og veit betre kva eg liker. Det blir mykje lettare når ein legg frå seg tanken om at ein må kaste seg på alle mikrotrendane.
Samstundes har det vore godt for samvitet, og det har inspirert fleire rundt meg til å tenkje over sine eigne val. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko!
Tre nye plagg
Eg klarte å halde meg til tre nye klesplagg i 2024. Eg kjøpte ein jeans, ein shorts og ein college-genser frå universitetet eg studerte ved på mitt utvekslingssemester. Genseren kjøpte eg som eit minne frå semesteret mitt i utlandet. Unnskyldninga for jeansen og shortsen er rett og slett at eg synest det kan vere vanskeleg å finne brukte plagg i desse kategoriane som passar som eg vil. Eg håpar eg kan bli betre på det i 2025.
Tips til deg som tar utfordringa
Viss du vurderer å prøve #5plagg i 2025, har eg nokre tips:
🕰️ Bruk tid på å leite når du kjøper brukt – det løner seg. Appar som Tise og Finn kan tilpasse seg stilen din viss du bruker dei aktivt, og det er lurt å sette av god tid i bruktbutikkar. Det kan vere annleis å handle brukt, men desto morosamare når du finn noko unikt!
🧥 Å bytelåne klede med venner og familie er også ein god måte å unngå å kjøpe nye klede på.
♻️ Ikkje ver redd for å bruke dei same plagga på fleire forskjellige måtar. Diverse smykke, sko, vesker og frisyrar kan lett gje nytt liv til ein kjole du allereie eig.
Kanskje kan 2025 bli året du oppdagar gleda i å bruke mindre og betre?