Identitet

«På sin plass at «Gutta» får Gullbarbie»

Dette er ikkje berre uskuldig humor, men innhald som undergrev respekten for andre menneske og opprettheld utdaterte, skadelege haldningar, skriv Julie Trengereid Gruer (18) i AUF i Akershus.

Julie Trengereid Gruer (18)
Fylkesstyremedlem i AUF i Akershus
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Gullbarbie er ein pris ingen bør vere stolte av å bli nominert til, men i tilfellet Gutta Sprut AS er det vanskeleg å argumentere for at nokon andre er meir fortent.

Selskapet, eigd av kjende norske influensarar som Oskar Westerlin og Sebastian «Baris» Brevik, har lenge vore kontroversielle på sosiale medium. Med sitt nedlatande kvinnesyn og haldningar til skeive og homofile, kombinert med innhald som hyllar overdriven pengebruk og alkohol, har dei bidrege til å skape ein ukultur for mange unge, særleg unge gutar.

«Gjett homsen» og «10 damer vs. Oskar Westerlin»

Titlar som «Gjett homsen» og «10 damer vs. Oskar Westerlin» samanfattar mykje av problemet. Dette er ikkje berre uskuldig humor, men innhald som undergrev respekten for andre menneske og opprettheld utdaterte, skadelege haldningar. Når slike videoar når ut til unge, plantar dei frø av homofobi, kroppspress og snevre skjønnheitsideal.

quote-left

Reduserer menneske til stereotype framstillingar og gjer narr av seksuell orientering

quote-right

Organisasjonen Press har peika på korleis Gutta Sprut AS sitt innhald bidreg til framandgjering og kroppspress, spesielt for gutar. Når det som vert presentert som «gutehumor» i røynda reduserer menneske til stereotype framstillingar og gjer narr av seksuell orientering, er det på høg tid å seie ifrå. Sjølv etter gjenteken kritikk har Gutta Sprut AS ikkje vist teikn til anger eller endring.

Manglande forståing av alvoret

At Brevik sjølv ikkje tek kritikken på alvor, illustrert ved kommentaren hans til VG: «Vi har ikkje blitt nominert til noko anna i år, så det hadde jo vore gøy å vinne noko», viser òg ei manglande forståing av alvoret i saka. Denne haldninga speglar ein kultur der ansvar vert fråskrive, og kritikk møtast med arroganse i staden for sjølvrefleksjon.

quote-left

Kritikk møtast med arroganse i staden for sjølvrefleksjon

quote-right

Gullbarbie er ein pris som peikar ut dei aktørane som har gjort mest skade på sjølvbiletet og utviklinga til ungdom. Gutta Sprut AS sitt bidrag til dette er udiskutabelt, og difor er det ikkje berre riktig, men òg naudsynt, at dei mottar denne prisen. Kanskje det kan fungere som ei vekkarklokke.

Ungdom fortener betre enn dette.