«Et norsk mat eller støtt global urettferd»
– Ved å velje norsk mat er ein med på å styrke den norske bonden og sjølvforsyninga til Noreg. Det har kanskje aldri vore viktigare enn no, i den urolege tida vi er inne i, meiner Dordi Boksasp Lerum.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I over eitt år har eg vore norsketarianar, altså berre ete mat produsert med norske råvarer i Noreg.
Kvifor? Jo, fordi maten vi vel på butikken handlar om å støtte opp om den norske sjølvforsyninga, beredskapen, norske arbeidsplassar og å støtte bøndene som kvar dag jobbar for å produsere det som er verdas reinaste og beste mat.
Kosthaldet har likevel ikkje berre vore ein dans på roser, og her er tre ting du kanskje ikkje visste om norsk matproduksjon og matsystemet i Noreg.
Noreg har berre 3 prosent dyrka mark
I tillegg til å vere norsketarianar har eg odel på eit lite sauebruk, og etter eg er ferdig med studia er planen å ta over garden og drive han slik generasjonar før meg har gjort.
Noreg er eit land beståande av mykje fjell og ulendt terreng, og berre 3 prosent av landarealet vårt er dyrka mark. Noko av det mest berekraftige ein kan ete er norsk raudt kjøt frå dyr som har beita i utmarka og oppretthalde kulturlandskapet og biologisk mangfald.
Daglegvarekjedene har ei enorm makt
Gjennom dei siste tre åra med Senterpartiet og Ap i regjering har det vore ei ordentleg satsing på norsk jordbruk og matproduksjon.
Uavhengig av kven som sit i regjering, meiner eg at dei tre store daglegvarekjedene har uforholdsmessig stor makt – og det er dei som reelt sett styrer mykje av jordbrukspolitikken. Saman kontrollerer Norgesgruppen, Coop og Rema 1000 over 95 prosent av marknaden, og er dei som avgjer om maten i butikkhylla er norsk eller importert. Altfor ofte opplever eg diverre det sistnemnde.
● Les også: Vekemeny for deg som vil ete meir norsk mat
Vi importerer store mengder mat frå land der folk svelt
Visste du at over halvparten av all maten vi et i Noreg vert importert frå utlandet? Til og med land i Afrika og Asia, som vi vanlegvis ikkje likar å samanlikne oss med, klarar å brødfø ein større del av si befolkning enn det vi gjer. Ifølgje Bondelaget er vi blant verdas minst sjølvforsynte land.
Noko av det som kanskje er mest oppsiktsvekkjande er at Noreg importerer store mengder kjøt frå fattige land som Namibia og Botswana der mellom 20 og 30 prosent av befolkninga ifølgje FN er underernærte. Samstundes som at Nortura ved nyttår hadde om lag 5000 tonn storfekjøt på lager, importerte vi i 2024 sannsynlegvis over 2000 tonn storfekjøt frå dei nemnde landa. For å ikkje snakke om massiv import av eksotiske frukt, grønsaker og belgfrukter som er knytt til mafiaverksemd og barnearbeid. Det heng ikkje på greip.
@dordibl♬ Good To Be – Mark Ambor
Kva kan du gjere?
Gjennom heile året har eg dokumentert prosjektet mitt på TikTok der eg har titusenvis av visningar kvar dag. Det er for meg heilt tydeleg at ungdommen i Noreg er opptekne av og medvitne på kor viktig det er å ete norsk mat. Eg forstår at det ikkje er praktisk mogleg for alle å bli 100 prosent norsketarianar, men eg håpar eg kan inspirere folk til å ete litt meir norsk.
For kvardagsvala vi forbrukarar gjer tyder noko. Ved å velje norsk mat er ein med på å styrke den norske bonden og sjølvforsyninga til Noreg. Det har kanskje aldri vore viktigare enn no, i den urolege tida vi er inne i.
● Les også: Dordi (21) har ete berre norsk mat i 50 dagar