1000 nye fagskuleplassar frå 2025
Fagskulane får over 40 millionar for å dekkje dei nye studieplassane.
Fagskulane i landet får over 40 millionar kroner frå regjeringa. Midlane skal dekkje 1000 nye studieplassar frå 2025.
– Fagskulane spelar ei nøkkelrolle i det norske samfunnet. Dei leverer kompetanse som næringslivet spør etter, og gir folk i heile Noreg høve til å kvalifisere seg til eit arbeidsliv i stadig endring, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp), i ei pressemelding.
Oslo, Rogaland og Vestland får flest plassar i den nye løyvinga.
Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar som ofte kan kombinerast med jobb. I NHOs kompetansebarometer for 2023 svarte 68 prosent av bedriftene at dei har behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning.
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som fordeler midlane til fylkeskommunane, som så bestemmer korleis midlane skal fordelast ut til fagskulane.