Julequizhefte: Ord-oppgåve, bilete og quiz!

Klarar du å finne orda som er skjult i diagrammet og kjenner du att dei kjende personane som har markert seg i 2024? Her er årets store julequiz for familien.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Her finn du ein pdf-versjon av quizheftet som du kan printe ut: Quizhefte til jula 2024

Når du har runda årets quizhefte, kan du òg prøve deg på julequizheftet for 2023 eller julequizheftet for 2022.

Quiz: Godt og blanda

1: Kor mange «Istid»-filmar er det laga?

2: Kva skal ein seie dersom ein får to nøttekjernar i same skal, ei såkalla «tvillingnøtt»?

3: I kva land har presidenten flytta jula til oktober for å få fokus vekk frå skuldingar om valfusk?

4: Kva heiter filmen songen «We don’t talk about Bruno» kjem frå?

5: Kva klubblag speler Bruno Fernandes fotball for?

6: Nemn ein av dei to artistane som har låten «Die With A Smile», som toppar Spotify si topp 50-liste for tida?

7: Ein del av vinterscenene i «Pippis jul» er spelt inn ein stad i Noreg. Kvar?

8: Selskapet Netflix starta med filmutleige i USA i 1993. Kva år kom Netflix til Noreg som strøymeteneste?

9: Kva heiter dei tre filmane i trilogien til Dag Johan Haugerud som har fått mykje merksemd og anerkjenning i år?

10: Kva er det kjemiske namnet på vanleg salt, som òg er tittelen på ei krimbok av danske Jussi Adler-Olsen?

11: Ceylon var namnet på eit land fram til 1972. Kva heiter landet i dag?

12: Veit du korleis ein seier «havet» på fransk, som òg er namnet på ein ikonisk, og ganske dyr, hudkrem?

Finn du orda?

Det er 10 juleord skjult her. Kan du finne alle?

(Loddrett, vassrett og diagonalt)

Treng du hint? Dette er orda du leitar etter:

JESUSBARNET

JULESTRØMPE

GRAUT

ASKEPOTT

RIBBE

SNØ

ADVENT

PINNEKJØT

NISSE

MISTELTEIN


Fasit: Godt og blanda

1: 5 «Istid»-filmar

2: Filipine

3: Venezuela

4: «Encanto»

5: Manchester United

6: Bruno Mars, Lady Gaga

7: Røros

8: 2012

9: «Sex», «Drømmer» og «Kjærlighet»

10: Natriumklorid

11: Sri Lanka

12: La mer

Fasit: Kven er dette?

1: Ariana Grande (som Glinda frå Wicked)

2: Espen Barth Eide (utanriksminister, Ap)

3: Lamine Yamal (fotballspelar)

4: Markus Rooth (friidrettsutøvar)

5: Simone Biles (turnar)

6: Narendra Modi (statsminister i India)

Fasit: Finn du orda?