Framtidas julequizhefte – spørsmål og svar for heile familien!

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Last ned spørsmålsarka:

Vil du vera quizmaster for selskapet?
Trykk her
for å lasta ne
d svar-ark som kan printast ut til deltakarane,
medan du les og spelar av spørsmåla du finn nedover i denne saka.

TIPS: Deltakarane kan også få reine kladdeark til å notera hint og spørsmål.

Lukke til!

Fasiten finn du i botnen av saka.

Musikkquiz

Kva heiter songen og artisten? (Spel av dei fyrste 20 sekunda av songane.) 1 poeng for rett tittel, 1 poeng for rett artist.

Sjå fasit for musikkquiz.

Frå ordboka

Me har henta fire definisjonar frå ordboka, kva er det dei omtalar?

1 poeng pr. rett svar.

  1. Høg, sylinderforma, oftast svart hatt trekt med floss av silke.
  2. Elektronisk maskin som kan arbeide med store mengder data automatisk.
  3. Blautdyr med tydeleg hovud, fot og innvolssekk av gruppa Gastropoda.
  4. Samanhefta eller innbundne ark med tekst og/eller bilete på.

Sjå fasit frå ordboka.

Omsett roulette

Denne songteksten har blitt omsett frå norsk til nepalsk til engelsk. Klarer du å finna ut kva song det er?

1 poeng for rett svar.

The Northern Lights burn for peace

You are the friend I want to share this with

When your world becomes mine

And mine will be yours

Give me joy when we are together

Lend me your hand when I’m lost

If I’m cold, you warm me

I am in your presence

Sjå fasit for omsett roulette.

Fyll inn

Kva åtte ord manglar i songteksten?

1 poeng pr. ord.

Og vi tenner våre ______ når det mørknerOg når alle _____ pakkes inn i ____Ja vi tenner våre ______ når det _______Kanskje lyser de til _______ si’r ___ ____

Sjå fasit frå fyll inn.

Anagram

Me har stokka om på desse juleorda. Klarer du å finna ut kva som skjuler seg i desse seks anagramma?

  1. JIBBE LURE
    _ _ _ _ _ _ _ _ _
  2. JET LUER
    _ _ _ _ _ _ _
  3. KJØPTE TINN
    _ _ _ _ _ _ _ _ _ _
  4. LJUV TIK
    _ _ _ _    _ _ _
  5. FAS RESIN
    _ _ _ _ _ _ _ _
  6. DANE TV
    _ _ _ _ _ _

Sjå fasiten for anagram.

2022 eller 2023?

Det er ofte litt vanskeleg å hugsa om noko skjedde i år eller i fjor. Kva av desse seks hendingane som skjedde i 2023 og kva som skjedde i 2022?

1 poeng pr. rett svar

  1. Kroninga av kong Charles
  2. Lansering av Chat GPT
  3. Fotball-VM i Qatar
  4. Kinopremiere på Avatar 2: The Way of Water
  5. Andrew Tate blei arrestert
  6. Rishi Sunak blei statsminister i Storbritannia

Sjå fasit for fleip eller fakta.

Bank bank! – kven har lausskjegg på?

Framtida har «nissifisert» fire kjende fjes. Kven skjuler seg bak dei fagre lokkane?

1 poeng for kvar person ein gjettar rett.

1.

2.

3.

4.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjå fasit for biletquizen.

Tenn lys! Men kvifor?

Hugsar du kvifor me, ifølgje songen, tenner desse adventslysa?

1 poeng pr. rett svar.

Kvifor tenner me lys fyrste søndag i advent?

a) For denne lille jord

b) For liten og for stor

c) For søster og for bror

Kvifor tenner me lys tredje søndag i advent?

a) For de som trenger oss

b) For Vestby og for Moss

c) For alle som må sloss

Sjå fasit for tenn lys.

Godt og blanda frå 2023

1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt

  1. Kva heitte ubåten som forsvann i juni?
  2. Kva heiter den nye pickupen frå Tesla?
  3. Kor mange monarki er det i Europa i dag?
  4. Kor mange av monarkane kan du namnet på? 1 poeng pr. monark, 0,5 poeng pr. land
  5. Kva var den mest innbringande filmen i kvar av desse kategoriane i 2023?
    1. Animert
    2. Komedie
    3. Drama
  6. Kva heiter nordmannen som sette rekord for å nå dei 14 høgaste fjelltoppane på kortast tid?
  7. Kven vann femmila i Holmenkollen for kvinner i år?
  8. Kven er den mest spelte artisten på Spotify i 2023?
  9. Kven vann Eurovision i 2023?
  10. Kva parti var størst ved årets kommuneval?

Sjå fasit for Godt og blanda frå 2023.

Godt og blanda

1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt

  1. Kva fem land grenser til Aserbajdsjan? – 1 poeng pr. land
  2. Kven har forteljarstemma i den norske versjonen av Tre nøtter til Askepott?
  3. Kven var den fyrste statsministeren i Noreg som vart vald etter tusenårsskiftet?
  4. Kven var president i USA før Barack Obama?
  5. Kva er Noregs nasjonalrett?
  6. Kva dokke kom på marknaden i 1959?
  7. Kva var den fyrste norske filmen som vann ein Oscar-pris?
  8. Kva står forkortinga RGB for, når ein snakkar om fargar på skjerm?
  9. Kva er du redd for om du har dentofobi?
  10. Kva er det dyraste måleriet som nokosinne er blitt seld?
  11. Kva er den mest vanlege julemiddagen i Noreg?
  12. Kva er det nest høgaste fjellet i verda?

Sjå fasit for Godt og blanda.

Fasit – Musikkquiz

  1. Queen of Kings – Alessandra
  2. Fairytale of New York – The Pogues, Kirsty MacColl
  3. Love Story – Taylor Swift
  4. Kaleidoskophimmel – Kaizers Orchestra
  5. I Wanna Dance with Somebody (Who Loves Me) – Whitney Houston
  6. Svingensongen – Odd Nordstoga

Fasit – Frå ordboka

  1. Flosshatt
  2. Datamaskin
  3. Snigel
  4. Bok

Omsett roulette

Teksten er henta frå juleklassikaren Se ilden lyse

Fasit – Fyll inn

Og vi tenner våre lykter når det mørknerOg når alle lyder pakkes inn i vattJa vi tenner våre lykter når det mørknerKanskje lyser de til kvelden si’r god natt

Fasit – Anagram

  1. JIBBE LURE – JULERIBBE
  2. JET LUER – JULETRE
  3. KJØPTE TINN – PINNEKJØTT
  4. LJUV TIK – KVIT JUL
  5. FAS RESIN – NISSEFAR
  6. DANE TV – ADVENT

Fasit – Fleip eller fakta?

  1. Kroninga av kong Charles hendte 6. mai 2023
  2. Chat GPT vart lansert 30. november 2022
  3. Fotball-VM i Qatar gjekk frå 20. november til 18. desember 2022
  4. Avatar 2: The Way of Water hadde Noregspremiere 16. desember 2022
  5. Andrew Tate blei arrestert 29. desember 2022
  6. Rishi Sunak blei statsminister 25. oktober 2022

Fasit – lausskjegg

1. Jonas Gahr Støre

2. Erna Solberg

3. Sylvi Listhaug

4. Trygve Slagsvold Vedum

Fasit – Tenn lys

  1. Kvifor tenner me lys fyrste søndag i advent?
    a) For denne lille jord
    b) For liten og for stor
    c) For søster og for bror
  2. Kvifor tenner me lys tredje søndag i advent?
    a) For de som trenger oss
    b) For Vestby og for Moss
    c) For alle som må sloss

Godt og blanda frå 2023

1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt

  1. Titan
  2. Cybertruck
  3. 12
  4. Noreg – Harald V, Danmark – Margrethe II, Sverige – Carl XVI Gustaf, Storbritannia – Charles III, Spania – Felipe VI, Nederland – Willem-Alexander, Belgia – Philippe, Andorra – Joan Enric Vives Sicília og Emmanuel Macron, Liechtenstein – Hans Adam II, Monaco – Albert II, Luxembourg – Henri, Vatikanstaten – Pave Frans
    1. Super Mario Bros: The Movie
    2. Barbie
    3. Oppenheimer
  5. Kristin Harila
  6. Ragnhild Haga
  7. Taylor Swift
  8. Loreen frå Sverige.
  9. Høgre

Sjå fasit for Godt og blanda frå 2023.

Godt og blanda

1 poeng pr. rett svar – om ikkje anna er nemnt

  1. Georgia, Russland, Iran, Tyrkia og Armenia
  2. Knut Risan
  3. Jens Stoltenberg
  4. George W. Bush
  5. Fårikål
  6. Barbie
  7. Kon-Tiki av Thor Heyerdahl
  8. Red, green, blue
  9. Å gå til tannlegen
  10. Mona Lisa av Leonardo DaVinci (seld for 970 millionar dollar)
  11. Svineribbe
  12. K2

Max poengsum: 88