«Nokon som gjerne skulle spurt meg kva eg ønskjer meg, er den norske regjeringa»
Det er framleis mogleg for Noreg å bli det føregangslandet som regjeringa har sagt vi skal vere, skriv Marte Hansen Haugan, leiar i Changemaker.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Jula nærmar seg med stormsteg, og frå fleire kantar kjem det spørsmål om kva eg ønskjer meg til jul.
Nokon som gjerne skulle spurt meg kva eg ønskjer meg, er den norske regjeringa. Heldigvis for dei har dei veldig gode føresetnader for å kunne innfri alle dei tre ønska som står på lista mi.
65 milliardar årleg til klimafinansiering
Mitt første ønske er at Noreg forpliktar seg til ei klimafinansiering på 65 milliardar kroner årleg. Rapporten «Norway’s Fair Share of meeting the Paris #agreement» skisserer kva som er Noregs rettferdige og nødvendige bidrag for å avgrense global oppvarming til 1,5°C over førindustrielt nivå. Han konkluderer med at Noregs utsleppskutt må utgjere 0,65 prosent av det totale kuttet i verda, noko som er mykje større enn vi har høve til å gjere her heime.
Nettopp derfor er Noreg nøydde til å finansiere store utsleppskutt i land som har mindre ansvar for klimakrisa enn det vi sjølv har. Dette inneber å gi 50 milliardar kroner i året til globale utsleppskutt og 15 milliardar til tilpassing; totalt 65 milliardar kroner i årleg klimafinansiering. På den måten vil Noregs bidrag til den globale løysinga på klimakrisa vere rettferdig.
Garanti mot norskprodusert krigsmateriell i Israel
Mitt andre ønske er at Noreg skal krevje sluttbrukarerklæring på all krigsmateriellet som vi sel, også frå Nato-land.
Sluttbrukarerklæring er ein garanti for at norskproduserte komponentar ikkje fritt kan vidareseljast til ein tredjepart. At vi ikkje krev ein slik garanti frå Nato-land har opna for at våpen med norskproduserte komponentar blir brukt til å angripe og drepe sivile palestinarar.
Den amerikanske produsenten Lockheed Martin har stadfesta at alle F-35-en jagarflya dei har selt til Israel inneheld delar produsert av Kongsberg Gruppen. Det israelske forsvaret (IDF) har stadfesta at dei har brukt desse flya i angrep mot Gaza. Dette er uuthaldeleg, og fullstendig uakseptabelt. FN-ekspertar har sagt at indirekte våpeneksport til Israel kan gjere statar medskyldig i Israels folkerettsbrot.
Vi veit no at norske våpenkomponentar inngår i våpen som blir brukt av Israel. Derfor må regjeringa omgåande krevje sluttbrukarerklæringar på alt krigsmateriale vi sel, også frå Nato-land.
Skattekonvensjon
Det tredje og siste ønsket mitt er at Noreg verkeleg blir det føregangslandet for arbeidet med ein skattekonvensjon i FN som regjeringa i lang tid har sagt at vi skal vere.
27. november vedtok FNs medlemsland ein resolusjon som inneber at dei skal inngå eit internasjonalt samarbeid på skatt, i det som blir kalla for ein skattekonvensjon. Eit slikt samarbeid vil føre til at det blir enklare å få bukt med skattesvik og aggressiv skatteplanlegging, og at alle land vil ha meir pengar å bruke på utdanning, helsetenester og klimatilpassing. Vedtaket er ein stor siger.
Regjeringa har fleire gonger uttrykt at dei er positive til ein global skattekonvensjon, og sagt at Noreg skal vere eit føregangsland i arbeidet med å få han på plass. Derfor er eg skuffa over at Noreg fleire gonger har stemt avhaldande i voteringane som har omhandla skattekonvensjonen. Det er ikkje i tråd med det dei har sagt om Noregs posisjon i saka.
Heldigvis for regjeringa, så kjem det nye sjansar til å skine når forhandlingane startar neste år. Det er framleis mogleg for Noreg å bli det føregangslandet som regjeringa har sagt vi skal vere.
Ei betre verd
Eg har klokkartru på at ønska mine vil gjere verda til ein betre stad, for absolutt alle som bur her. Nettopp derfor bør regjeringa innfri ønska mine.
Så, kjære regjeringa, eg håpar verkeleg at de kan gi meg det eg ønskjer meg til jul. Tusen takk på førehand!