«Gåver handlar om relasjonane me har til kvarandre»
Julekvelden kjem like brått på kjerringa kvart einaste år. Og plutseleg bryt panikken ut: Korleis skal eg ordna alle julegåvene? Pust med magen, her kjem nemleg litt hjelp.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Gåver er alvorlege greier. Dei er sentrale i internasjonalt diplomati, når det gjeld kjærleik og sex – og ikkje minst for å skapa og oppretthalda venskap.
Jula er høgtid for gåver, og mange kjenner på ei frykt for å tråkka i waldorfsalaten. Både angsten og julestresset melder seg. Kven skal få gåve? Kva skal dei få? Kor mykje bør det kosta? Og kjem eg til å rekka alt?
Men som Jesus – hovudpersonen i jula – seier: «ver ikkje redde!»
Dersom ein pustar roleg, har nestekjærleik og les litt samfunnsfagleg teori, så kjem gåvene til å ordna seg.
Gåver er ikkje snilt, men plikt
Viss ein ynskjer seg ei hyggjeleg juletid, bør ein fyrst freista å forstå kvifor me gjev kvarandre gåver.
Det handlar ikkje om å syta for at folk får det dei treng eller ynskjer seg. Det er heller ikkje snakk om noko Robin Hood-system der dei fattige skal få frå dei rike. Til dette er julegåver ganske ineffektivt – formuesskatt og garantert grunninntekt funkar betre.
Gåver handlar om relasjonane me har til kvarandre.
Antropologen Marcel Mauss fortel oss dette i boka Gaven, som utvilsamt er den mest innflytelsesrike studien av gåveutveksling.
Ein trur kanskje at gåver er noko ein gjev frivillig – fordi det er gøy eller fordi ein er snill. Men gåver er stort sett eit resultat av ei sosial plikt.
I mange situasjonar har ein plikt til å gje – og ta imot (hugs å seia takk!) – gåver. Denne utvekslinga bind oss samen.
Når ein gjev kvarandre gåver stadfestar ein relasjonen mellom kvarandre. Å nekta å gje – eller ta imot – ei gåve er det same som å seia at ein ikkje har nokon relasjon.
Det er tanken som tel
Me kan trekkja ein viktig konklusjon frå dette:
Det er ikkje storleiken, prisen, innhaldet eller forma på pakken som tel – i alle fall ikkje åleine.
Det er faktisk tanken som tel! Du må berre syta for at tanken blir kommunisert på ein truverdig måte til mottakaren.
Om ein hugsar på denne vesle lærdommen blir førebuinga av årets julegåver ein leik.
Det er ikkje mykje som kan gå gale, dersom ein berre får sagt «eg er glad i deg».
Bruk pengane dine på folk som treng hjelp
I år kjem nesten 140 milliardar kroner til å bli brukt på julefeiringa i Noreg.
Det er ein grotesk høg sum.
Trass dyrtid, inflasjon og dårleg valutakurs – dei fleste i Noreg har nok allereie mykje meir enn dei treng. Sånn er det dessverre ikkje overalt.
Tenk difor over om du kan omdisponera noko av gåve-budsjettet.
Her er fem organisasjonar som kan syta for pengane blir brukt der dei verkeleg trengst:
Alle saman har symbolske kort eller liknande som du kan leggja under treet.
Det er altfor mange som skriv ynskjelistene sine frå eit egoistisk perspektiv. Men du klarar vel å kommunisera at du er glad i nokon, sjølv om du ikkje brukar pengar på akkurat dei.
Lag noko sjølv
Dersom du verkeleg vil overtyda mottakaren om du set pris på hen, så lagar du gåva sjølv.
Det er ikkje berre barnehageborn som kan produsera, heller enn å kjøpa, julegåvene.
Kva med ei sjølvstrikka tversoversløyfe? Eller kanskje ei personleg spotify-liste tilpassa musikksmaken som mottakaren burde hatt? Berre fantasien (og tidsklemma) set grenser!
Tid og aktivitetar saman er likeins fortreffelege gåver. Skitur med kakao? Lesestund med ei god bok frå biblioteket?
Lat gåva vara heile året
Eit gåveabonnement er ein fantastisk idé! Jamleg får mottakaren ei påminning om at du set pris på hen.
Her er nokre forslag:
- Forlaget Skald står bak ein makelaus serie med omsette klassikarar. Eit medlemskap i bokklubben deira bør stå på ynskjelista til alle lesehestar.
- Dersom du skal gje julegåve til nokon mellom 7 og 14 år, så er eit abonnement på Framtida Junior eit utmerka alternativ.
- Kva med eit medlemskap i Cloud Appreciation Society? Dette kostar omtrent 500 kroner. Mottakaren kan kvar einaste dag få tilsendt ein e-post med eit bilete av himmelen.
Det er ikkje så farleg
Desember går grævleg fort. Plutseleg har ein vimsa bort heile førjulstida, utan å få styr på pakkane. Men det kjem nok til å gå bra.
Ein twist-pose kjøpt i siste liten er heilt okei. Det er ikkje farleg å vera uoriginal. Og det er ingen som blir sure for at du ikkje er sjølvaste julenissen.
Kjærleik – og kanskje ein bytelapp – fiksar det meste.
Slapp av! Livet blir litt betre om ein ikkje tek ting så seriøst.