Fylkesordføraren i Innlandet varslar fleire skulenedleggingar

Fleire kommunar må belage seg på nedlegging eller samanslåing av skular, varslar fylkesordføraren i Innlandet.

NPK-NTB
Publisert

– Allereie neste periode må vi nok leggje ned to skular til, seier fylkesordførar Thomas Breen (Ap) i Innlandet fylkeskommune i Kommunal Rapports podkast Kontrollutvalget.

Han viser til eit søkkande elevtal og ein økonomi i endring.

Fleirtalet i fylkestinget beståande av Ap, Høgre og MDG vedtok i oktober å leggje ned dei vidaregåande skulane på Dokka, Skarnes, Lom, Flisa, Sønsterud og Dombås frå neste haust.

Vedtaket vekte sterke reaksjonar og ein oppheta debatt.

– Respektlaust

Gruppeleiar for Senterpartiet i Innlandet, Aud Hove, reagerer kraftig på at fylkesordføraren no signaliserer ytterlegare kutt.

– Eg kan nesten ikkje tru det eg les i Kommunal Rapport, seier ho i ei fråsegn til NTB.

– Det er ein pågåande lovlegkontroll som er godt grunngitt og fremja av heile mindretalet, åtte parti, i fylkestinget. Då blir det respektlaust av Breen å varsle at han vil leggje ned to skular til. Forstår ikkje fylkesordføraren at dette skaper endå meir uro, frustrasjon og sinne i ei sak som allereie er så betent? seier ho vidare.

Truslar og meldingar

Lom-ordførar Kristian Frisvold skapte overskrifter då han erklærte full krig mot fylkespolitikarane i Innlandet. Fylkesordføraren fekk også hard kritikk frå justisminister Emilie Enger Mehl (Sp), som uttalte at han var villig til å prostituere seg for å oppnå makt og posisjon. Mehls utspel fekk også krass kritikk frå fleire hald.

Fylkesordføraren fortel om det heite debattklimaet i samband med skuledebatten.

– Det er levert nokre meldingar i kjølvatnet av debatten. Det var både direkte og indirekte truslar, seier han.

– Vi gjer det sånn at den som får trusselen, melder sjølv. Eg veit at andre kommunar melder på vegner av kvar enkelt, og det kan kanskje vere lurt. Det er ei påkjenning å melde òg, seier Breen.