Studentar bruker kredittkort eller forbrukslån for å dekkje basisbehov
46 prosent av norske studentar seier at dei har teke opp forbrukslån, brukt kredittkort eller begge deler for å dekkje basisbehov.
30 prosent oppgir at dei har brukt kredittkort, 6 prosent seier dei har teke opp forbrukslån, og 10 prosent svarer at dei har brukt begge delar for å dekkje basisbehov. Det viser ei undersøking som Sentio har gjort for Norsk studentorganisasjon (NSO) og nettavisa Khrono.
I undersøkinga, som er gjord blant 1000 studentar i perioden 25. oktober til 11. november, oppgir berre 17 prosent at dei ikkje jobbar i ei typisk studieveke. 34 prosent svarer at dei jobbar meir enn ti timar i ei typisk studieveke.
Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) går timebruken på studia ned ganske markant når studentane jobbar meir enn ti timar i veka.