Politikk og samfunn

«Energisparing skal vere ein stor del av det grøne skiftet»

Vi er nøydde til å kutte i forbruket vårt. Både som privatpersonar, nasjon og verdssamfunn, skriv Nora Jæger Thorland i AUF i Vestland.

Nora Jæger Thorland (15 år)
Nestleiar i Sunnhordland AUF, internasjonalt ansvarleg i AUF i Vestland
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mange snakkar om energikrisa som kjem og at vi vert nøydde til å utvikle nye, fornybare energikjelder. Mange seier at ein bygge ut forskjellige reiskapar for å skaffe energi for å unngå energikrisa som det er spådd at vil komme.

Vi ser på moglegheita for utbygging av vasskraftverk, solcellepanel, og vindkraft både til havs og på land. Alle desse har konsekvensar for naturen og det som lever i han.

Ofrar natur

Eg trur ein undervurderer kor omfattande påverking utbygging av desse energikjeldene kan ha på økosystema i områda der dei vert bygd. Vi snakkar om kva delar av naturen vi er villig til å ofre for å løyse ei problemstilling som er skapt av vårt overforbruk. Eg meiner vi bør ha eit større fokus på kor vi kan spare energi i staden for korleis vi kan skaffe meir.

Vi er nøydde til å kutte i forbruket vårt. Både som privatpersonar, nasjon og verdssamfunn. Vi må vere villige til å gi opp noko av vår velstand både for vår eigen og kloden sin del.

quote-left

Me som privatpersonar kan unngå å kaste mat, kjøpe brukt eller dusje i kaldt vatn

quote-right

Tiltaka kan vi gjere på store og små nivå. Vi som privatpersonar kan unngå å kaste mat, kjøpe brukt eller dusje i kaldt vatn.

Politisk kan vi gjere kollektivtransport meir tilgjengeleg, legge til rette for at kortreist mat er økonomisk gunstig, og avgrense store energikrevjande prosjekt. Som eit verdssamfunn har vi truleg ein enda lengre veg å gå, men det betyr òg at vi har store moglegheiter for å redusere energibruken vår betydeleg.

Egoistisk debatt

Eg meiner klimadebatten i dag ber preg av egoisme, spesielt energidebatten. Vårt hovudfokus er å sikre energi slik at vi kan oppretthalde vårt utrulege overforbruk. At vi tar oss retten til å øydelegge natur for at vi skal kunne ete kjøtt sju dagar i veka, kjøpe nye klede til ein billig sum og reise på ferie med fly som krev enorme mengder drivstoff og har store utslepp av klimagassar, blir heilt feil. Å løyse klimakrisa skal ikkje berre vere noko vi gjer for oss sjølve, men også for kloden og artane som bur på den.

Fornybar energi må vere ein del av løysninga på klimakrisa, men det kan ikkje gå på kostnad av verna naturområde og trua artar.

quote-left

Vi må ta ansvar for å verne om dei dyrebare, uerstattelege økosystema våre

quote-right

Det er på tide at vi tar ansvar for meir enn berre det som handlar om kvardagen vår. Vi må ta ansvar for å verne om dei dyrebare, uerstattelege økosystema våre. Vi kan gjere tiltak som ikkje må gå på kostnad av naturen vår. Det meiner eg vi skal.

Eg meiner energisparing skal vere ein stor del av det grøne skiftet og at vi bør begynne å hente inn kunnskap om korleis vi kan spare meir energi enn det vi gjer i dag. For vår eigen del og for kloden vår.