«Du lever vidare i kompendium fulle av gul tusj og i motivasjonen min til å lære»
For omtrent eit år sidan tenkte eg på deg og alt du har skrive og gjort. Det slo meg at eg ville vere sånn, og etterpå slo det meg at du ikkje blei født sånn, skriv Linn Isabel Eielsen i minneordet om avdøde professor Thomas Hylland Eriksen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det kjennest umogleg å starte denne dagen utan å skrive om Thomas Hylland Eriksen. I går mista vi nemleg ein av dei beste tenkjarane og ikkje minst eit av dei beste menneska vi har hatt.
Små steder, store spørsmål
Fyrste gong eg såg namnet var på eit bibliotek på Sandaker. Det var tidleg på våren i 2021, og eg romsterte rundt i fagbokhylla.
På dette punktet hadde eg studert illustrasjon i nesten to år og tenkte det var lenge sidan eg hadde lært noko nytt om verda. Der kom eg over boka Små steder, store spørsmål, ei bok med innføring i eit felt eg aldri hadde høyrd om: sosialantropologi. Eg lånte med meg boka og vart fengsla. Ein av tinga eg beit meg merke i, var korleis han ofte brukte «ho» når han omtalte sosialantropologen. Eg hadde som 20-åring aldri sett dette før, og eg melde meg opp til Universitetet i Oslo same haust.
Eg har hatt enorm glede av utdanninga mi i kultur og kommunikasjon, der boka og sosialantropologi sto på timeplanen. Ei så stor glede at eg synest det er vanskeleg å sjå for meg kven eg hadde vore utan. Om ikkje Thomas Hylland Eriksen hadde skrive den boka, hadde eg nok aldri møtt medievitskapen og opplevd kjærleik ved fyrste blikk til feltet eg no tar ein mastergrad i.
Viktig lærdom
Det er sjølvsagt ikkje berre eg som sette pris på den enorme innflytelsen og kunnskapen din. Eg har høyrd historier frå medstudentar som alltid gledde seg til nettførelesingane dine under pandemien, og haugevis med lovord frå dei som var så heldige å kunne dra på ei fysisk. Kanskje det òg er fleire enn eg som har sukka tungt etter å ha formulert namnet som «Thomas Erik Hyllandsen» for femte gong under ein lang og slitsam eksamen.
Dei siste åra har eg vore i mange interessante samtalar med ulike folk, og namnet Thomas Hylland Eriksen har dukka opp i ein god del av dei. Eg og sambuaren min blei for eksempel samde om at det berre var ein person vi kunne sjå for oss leve evig utan å kjede seg, og at det var deg.
Ein av dei viktigaste lærdommane eg tek med meg, kjem frå artikkelen Overheating. Som eit ungt menneske som kjenner på trongen til å gjere alt, helst i går, har denne artikkelen hjelpt meg å prøve å sjå livet på ein anna måte, som noko som skal levast og ikkje berre gjerast. Tankane dine om verda sin akselerasjon har inspirert meg til å jobbe med å roe ned.
(Artikkelen er også gjort til TED-talk og bok)
Møtet i folkemylderet
For omtrent eit år sidan tenkte eg på deg og alt du har skrive og gjort. Det slo meg at eg ville vere sånn, og etterpå slo det meg at du ikkje blei født sånn. Eg begynner å innsjå kor mykje arbeid det ligg i å behalde den barnlege og opne nysgjerrigheita på verda, kor mykje lesing og tenking som må til for å kunne skrive ei setning. Vi burde vere uendeleg takknemlege for at du gjorde denne jobben, og bli inspirerte til å ta fatt på denne reisa sjølve. Eg er uendeleg takknemleg.
Eg er takknemleg for at eg fekk fortalt deg kva den pensumboka betydde for livet mitt
Eg er takknemleg for at eg fekk fortalt deg kva den pensumboka betydde for livet mitt, ein haustdag i folkemylderet på Jernbanetorget. Det kom riktig nok ikkje ut særleg velformulert, då eg stoppa deg og stotra fram: «Er du Thomas Hylland Eriksen?» med store auge og vantru over å sjå deg i verkelegheita. Du sa at det var du, og eg klarte å formulere eit par setningar om at boka di var grunnen til at eg begynte å studere.
Du var så snill, spurde meg kva eg studerte, før du måtte dra vidare til ei teikneserieutstilling – som forresten er det kulaste i heile verda, og eg gjekk vidare til mi eiga greie.
Det er ein tung ting å vite at du ikkje er i blant oss lenger. For meg lever du vidare i bokhyllene mine, i bøker og kompendium fulle av gul tusj, og i motivasjonen min til å lære, oppleve og jobbe for å behalde nysgjerrigheita mi. Verda ville ikkje vore den same om du ikkje delte kunnskapen din.
Tusen takk.