Unge menn stadig meir positive til EU

30 år etter den norske EU-avstemminga er det fleire under 30 år som er positive til EU enn dei som er negative.

NPK-NTB
Publisert

Nordmenn går i ei meir EU-positiv retning, og to grupper går i front: Ungdom og menn.

42 prosent av norske menn ville stemt ja ved ei folkeavstemming, mot 27 prosent av kvinnene. Det kjem fram i ei undersøking gjennomført av Sentio Research for Klassekampen og Nationen.

Blant nordmenn under 30 år er det eit tydeleg ja-fleirtal blant dei som har teke stilling: 47 prosent seier ja til EU-medlemskap, medan 30 prosent seier nei.

Men det er framleis klart neifleirtal i folket. Om det hadde vore folkeavstemming om EU i morgon, ville 34,9 prosent stemt ja, og 46,7 prosent nei. 18 prosent «veit ikkje».

Dette er likevel den svakaste målinga for neisida sidan november 2009.

Forskingsleiar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning understrekar at synet til nordmenn på EU har vore stabilt over tid.

– Det er totalt sett eit veldig solid neifleirtal når det gjeld haldninga til EU-medlemskap. Det som svingar, er andelen som seier «veit ikkje», seier Bergh.

At ungdommen er positive, forklarer valforskaren slik:

– Dei som er unge, og til dels også dei som ikkje er fullt så unge, har ikkje opplevd den førre EU-debatten. Dei dannar meininga si ut frå situasjonen her og no, seier Bergh.