Bli oppdatert på nokre av vekas største nyheiter og snakkisar!
Bli oppdatert på nokre av vekas største nyheiter og snakkisar!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Israel og Hizbollah-militsen i Libanon vart denne veka samde om ei våpenkvile. Våpenkvila tredde i kraft natt til onsdag.
Ifølgje libanesiske styresmakter er over 3000 drepne, 15 000 såra og 1,2 millionar menneske drivne på flukt i Libanon sidan oktober 2023, skriv NRK.
Israel skal no ha gått med på å trekke ut soldatane sine frå det sørlege Libanon, som dei sidan september i år har okkupert. Det skal skje i løpet av to månader. Hizbollah skal på si side ha gått med på å trekke ut styrkane sine på grensa til Israel, melder VG.
Etter avtalen har Hizbollah erklært siger over Israel, skriv NTB. Våpenkvila held fram sjølv om begge sider skuldar den andre for brot.
USAs president Joe Biden seier våpenkvila er laga for å vere ein permanent slutt for kampane. Han svarar vidare at han trur og håpar at det også skal kome på plass ei våpenkvile i Gaza medan han er president.
Som første land i verda forbyr Australia barn under 16 år å bruke sosiale medium, melder VG.
Torsdag godkjente overhuset i den australske nasjonalsamlinga lovforslaget, med 102 stemmer for og 13 stemmer mot.
Det vil dimed vere ulovleg for dei som er under 16 å bruke mellom anna TikTok, Snapchat, Instagram, Facebook, Reddit og X.
Plattformene får eit år på seg til å finne ut korleis dei skal handheve forbodet, og dei risikerer bøter på opptil 50 millionar australske dollar (om lag 360 millionar kroner) om dei ikkje gjer det.
Over ein million ukrainarar var torsdag utan straum etter russiske åtak, melder Reuters.
Russland bomba energiverk og straumforsyningar i Ukraina. For å verne om straumnettet har den statlege nettoperatøren skrudd av straumen i fleire regionar, skriv NRK.
Samstundes er temperaturen i store delar av Ukraina under null grader no. Det er ikkje første gong Russland går etter straumnettet og etterlet sivile utan varme. Ukraina har tidlegare skulda dei for «energiterror».
Den russiske presidenten Vladimir Putin har sagt at bombinga er eit svar på ukrainske åtak med vestlege langdistansevåpen.
Donald Trump tar over som president i USA 20. januar, og han har allereie byrja å legge planar for presidentperioden sin. På sitt eige sosiale medium, Truth Social, skriv den komande presidenten at noko av det første han vil gjere, er å krevje 25 prosent toll på alle varer som kjem til USA frå Mexico og Canada.
Straffetollen skal gjelde til landa stansar straumen av narkotika og migrantar, seier han.
Trump varslar òg 10 prosent toll på alle varer frå Kina til dei stoppar straumen av det narkotiske stoffet fentanyl til USA.
Økonomar har åtvara om at Trumps sine tollplanar kan føre til inflasjon, skriv NRK. Straffetollen bryt òg med ein handelsavtale frå 2020 mellom USA, Canada og Mexico.
Den meksikanske finansministeren har tidlegare uttala at dei òg vil heve tollen dersom Trump gjennomfører planane sine, og den kanadiske statsministeren heldt eit hastemøte for å diskutere korleis dei skulle svare på trugselen frå Trump.
Ifølgje NRK har ein kinesisk talsmann åtvara mot handelskrig og tollkrig, og understreka at dei tidlegare har lova å gjere det dei kan for å hindre eksport av varer som blir brukt til produksjon av fentanyl.
Torsdag la Statistisk sentralbyrå (SSB) og Nav fram tala for sjukefråvær i tredje kvartal, altså for juli, august og september. Tala deira syner at sjukefråværet auka med 1,6 prosent, til 7,19 prosent, melder NTB.
Sjukefråværet omfattar både eigenmeldingar og sjukemeldingar.
– Dette er det høgaste legemelde sjukefråværet i eit tredje kvartal sidan 2009, då det var svineinfluensa. Det har vore ein auke både i antal sjukemelde og antal sjukefråværsdagar, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte, ifølgje VG.
Holte er glad sjukefråveret i tredje kvartal ikkje auka like mykje som tidlegare i år, men understrekar at vi framleis er på eit svært høgt nivå i Noreg. Nesten åtte millionar dagsverk gjekk tapt til legemeldt sjukefråvær i tredje kvartal, skriv VG.
– Det er framleis vekst i sjukefråvær med psykiske lidingar, og i tredje kvartal var det i tillegg ein uvanleg vekst i sjukefråvær med luftvegssjukdommar, seier Holte til NTB.
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) uttalar til nyheitsbyrået at Noreg ikkje har råd til at fråværet held fram på dette nivået over tid.
Måleriet Kvitebjørn kong Valemon av Theodor Kittelsen vart seld på aksjon for rekordsummen 36 millionar kroner denne veka. Den tidlegare rekorden for eit norsk måleri var på 14 millionar, skriv NRK. Også det var eit Kittelsen-bilete.
Biletet frå 1912 med motiv frå eventyret til Asbjørnsen og Moe, var privateigd før auksjonen. Nasjonalmuseet ville gjerne kjøpe biletet, men ha ikkje råd. Dei håpar at den som har kjøpt biletet vil gjere det tilgjengeleg for offentlegheita.
Det er førebels ikkje kjent kven som har kjøpt måleriet.