– Kan forandra det politiske landskapet

Klima og miljø er taparen i statsbudsjettet, ifølgje miljørørsla. Fredric Hauge meiner regjeringa skyv sentrumspartia rett over i famnen til dei raud-grøne.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kan føra V og KrF over til Ap

Onsdag la finansminister Siv Jensen fram forslaget til regjeringa til statsbudsjett for 2015.

– Grønnmalinga fell av etter første augekast, dette gjev nye år med auka utslepp, seier Natur og Ungdom-leiar Arnstein Vestre.

Dette står det også svart på kvitt i utsleppsframskrivingane i statsbudsjettet (sjå tabell under):

I statsbudsjettet får Klima- og miljødepartementet kutta i budsjettet sitt.

Ingen nye grøne skattar
Venstre og KrF har støtta regjeringa Solberg med løfte om satsing på miljø. Eit av hovudargumenta har vore ei omlegging av skattesystemet i meir grøn retning for å få ned utsleppa. Her har regjeringa ikkje levert.

– Budsjettet er tannlaust, og lèt forureinarane sleppa. Det er ribba for spor av eit grønt skatteskifte. Støttar Venstre og KrF dette, kan dei kyssa miljøtruverdet sitt farvel, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom.

– Dei leverer så dårleg på miljø at det kan forandra det politiske noregskartet: Høgre og Frp skyv sentrumspartia rett i fanget på Arbeiderpartiet, seier Bellona-leiar Fredric Hauge (bildet) i ei pressemelding.

Unge Venstre-leiar Tord Hustveit meiner statsbudsjettet fortel om ein mangel på miljøsatsingar.

– Ein har ikkje kome i gang med eit grønt skatteskifte. Lågare bensinpris er eit steg i feil retning, seier han til Framtida.no. Når no Venstre skal forhandla med Regjeringa, er det viktigaste for Unge Venstre eit grønt skatteskifte og auke i satsinga på jernbane og sykkel.

– Sporar av i togsatsinga
Regjeringa har i statsbudsjettet auka midlane til veg med over 12 prosent. Til samanlikning er det ein vekst på vel åtte prosent til jernbane. Natur og Ungdom meiner regjeringa har spora av i jernbanesatsinga, og ikkje evnar å prioritera miljøvennleg jernbane over nye motorvegutvidingar.

– Grøn transportplanlegging er ei saga blott. Regjeringa har så langt levert tiltak på tiltak for å gjera det enklare å køyra bil. Skal me løysa klimaproblemet, må jernbanen bli budsjettvinnar. Det gjer han ikkje i dag. Statsbudsjettet stinkar av asfalt, seier NU-leiar Vestre.

Slaktar skogvernet
Satsinga på skogvern som lova i regjeringserklæringa blir ikkje levert i statsbudsjettet, ifølgje Natur og Ungdom. For å verne 10 prosent av norsk skog innan 2020, som er det forskarane rår til for å stoppa tapet av dyr- og plantearter i skogen, trengst ein milliard i året. Regjeringa aukar midlane til regnskogen, den norske skogen vert kutta med 210 millionar frå Jensen.

– Ved å kutta i norsk skogvern går Siv Jensen til angrep på det norske naturmangfaldet. Her må stemmene til miljøet på stortinget samlast for å redda dei norske artane, avsluttar Vestre.

Sundtoft: – Eg er ingen budsjettapar
– Det er mykje svartmaling. Kritikken er ikkje til å forstå, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (bildet) til NTB.

Sjølv om pengebruken til departementet hennar går ned, meiner ho ein kan sjå klimatiltak i fleire andre departement, mellom anna i auken til jernbane.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR STATSBUDSJETTET!

Faktaboks

Fakta om klimatiltak i statsbudsjettet:

• Skogvern blir kutta med 211 millioner kroner til 120 millioner kroner.
• Klima- og skogprosjektet skal få auka løyvinga på 134 millionar kroner til 3 milliardar kroner.
• Aukar løyvinga til Norfund med 125 millionar kroner.
• 200 millionar kroner til Det grønne klimafondet som finansierer klimatiltak i fattige land.
• Utvida ordninga for enøk-støtte til private hushald med 250 millionar kroner.
• Løyva 9,2 milliardar kroner til Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging.
• 8 millioner til nasjonalt og regionalt arbeid mot kortliva klimaforureiningar.

Les meir om kva Regjeringa vil bruka pengar på til klimatiltak her!