Satsar meir på asfalt enn skinner

Regjeringa får kritikk for å auka vegsatsinga meir enn jernbanesatsinga – og fråverande sykkelpolitikk.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferjene vinn mest

Regjeringa aukar støtta til vegføremål med 12,4 prosent. Jernbane får 8,7 prosent meir.

Regjeringa foreslår å auka løyvingane til samferdsel med 5 milliardar til 55 milliardar kroner. 22 milliardar kroner skal gå til kollektivføremål.

– Regjeringa vil leggja til rette for at fleire vel toget i dei store byområda. Me føreslår difor å styrkje togtilbodet i 2015, mellom anna ved å auka frekvensen på fleire strekningar. Slik kan fleire pendlarar reise kollektivt inn og ut av dei største byane. Folk på Austlandet, sør for Trondheim og langs Sørlandsbanen kan sjå fram til eit betre togtilbod i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

– Ole Brumm-politkk
Grøn Ungdom er skuffa over at regjeringa løyver meir pengar til vegføremål enn jernbanen.

– Det er Ole Brumm-politikk! "Ja takk, begge deler" skaper ikkje omstilling til utsleppsfri transportsektor. At misforholdet mellom jernbanesatsninga og vegsatsing veks vitnar om dårleg evne til å prioritera, seier nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, Lage Nøst (bildet) til Framtida.no.

Leiaren i Unge Venstre er òg skuffa, og meiner regjeringa ikkje har prioritert jernbane høgt nok.

– Når det gjeld samferdsel er me veldig skuffa over at regjeringa i praksis ikkje løyver noko til utbygging av sykkelvegar, seier UV-leiar Tord Hustveit (bildet).

Meir til riksvegferjer og E39
Regjeringa vil løyva 694,5 millionar kroner til kjøp av riksvegferjetenester i 2015 – ei auke på 178,4 millionar kroner i forhold til 2014 – noko som svarer til over 25 prosent vekst.

Regjeringa løyver 30 millionar kroner til forsking på bruløysingar til E39.

Elles vil regjeringa gi fylkesvegane eit løft gjennom både auka løyvingar og høve til å ta opp større lån fordi staten forpliktar seg til å betala rentene.