Maria (21) jublar for at heimfylket vil teste valfritt sidemål

Onsdag stemte fylkestinget i Nordland ja til å søke om eit prøveprosjekt der elevar kan velje bort sidemål.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg synest det er ei gledeleg nyheit at det gjekk gjennom.

Det seier fylkestingsrepresentant Maria Strand Munkhaug (21) frå Høgre på telefon til Framtida. Ho er komiteleiar for kompetanse og utvikling i Nordland, og er ein av dei som har arbeidd fram forslaget fylkestinget vedtok onsdag 23. oktober.

Nordland kjem no til å søke Utdanningsdirektoratet (Udir) om å vere prøvefylke der vidaregåandeelevar kan velje om dei skal ha opplæring i sidemål.

– 98 prosent av elevane i Nordland har bokmål som hovudmål. Eg tenker dette er rett retning for at elevane skal få lov til å sjølv velje korleis undervisninga deira skal sjå ut.

NRK intervjua nyleg den einaste vidaregåandeeleven i Nordland med nynorsk som hovudmål. Ken Henrik Kvingedal (17) kjem frå Masfjorden i Vestland, men går romteknologi på Andøy vidaregåande skole.

– Medelevane mine likar ikkje nynorsk, dei gruar seg til eksamen. Dersom nynorsken blir valfri, kan det gjere skulen mindre stressande for folk. Det er ein bra ting, eigentleg, sa Kvingedal til NRK.

Munkhaug trekk fram dårlegare lesetal for norske elevar i den siste PISA-undersøkinga som ein god grunn til å gi elevar moglegheit til å prioritere hovudmålet sitt.

– Mange slit med å berre meistre eitt norskfag, seier ho.

– Hårreisande

Ikkje alle er einige med Strand i denne prioriteringa.

– Eg synest det er hårreisande når vi allereie har hatt eit tidlegare prosjekt som har prøvd dette, seier Sebastian Vinsent Natvik, leiar i Norsk Målungdom, på telefon til Framtida.

Eit liknande prøveprosjekt skjedde i Oslo frå 2004 til 2007, der elevane på nokre utvalde vidaregåande skular fekk velje vekk sidemål.

– Dei fekk ikkje så mykje resultat ut av det. Det var små tal her og der som var positive, men også negative. Det generelle karaktersnittet gjekk jo ned i vg2.

Sebastian Natvik i Norsk Målungdom er skuffa. | Foto: Norsk Målungdom

Ingen har fått godkjent sidan Oslo

Forslaget frå Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet vart vedteke med 26 stemmer for og 19 stemmer mot.

Noko av målet er å auke motivasjonen hjå elevar, og få fleire til å gjennomføre vidaregåande.

Hovudmåla for prøveprosjektet

  1. Å undersøke om valfritt skriftleg sidemål påverkar elevanes faglege prestasjonar og gjennomføringsgrad i hovudmålet.
  2. Å undersøke om valfritt skriftleg sidemål påverkar generell gjennomføringsgrad i studieførebuande programområde.
  3. Å vurdere om eit valfritt skriftleg sidemål kan auke motivasjonen og trivselen blant elevane.

Kjelde: Nordland Fylkeskommune

I forslaget blir det presisert at det gjeld skriftleg sidemål. Elevane skal framleis få kjennskap til norsk språkhistorie og lese litteratur på begge målformene.

Udir avgjer om fylket kan setje i gang med prosjektet. Mellom 2008 og 2016 avslo Udir alle 16 søknadar om valfritt sidemål frå ulike kommunar og fylkeskommunar.

Maria Strand Munkhaug er fylkesrepresentant frå Høgre i Nordland. | Foto: Lars Tynning, Unge Høyres Landsforbund

Kan kome med ny kunnskap

– Det er 20 år sidan det førre prøveprosjektet starta, og Nordland er eit veldig annleis fylke enn Oslo, seier Munkhaug.

Ho meiner dei ved å samarbeide med seriøse forskingsmiljø frå starten av kan få svar på om valfritt sidemål gir ønska resultat for vidaregåandeelevane. Munkhaug peikar også på at det tydelege politiske fleirtalet bør vege tungt.

– Eg meiner dette er eit tydeleg signal på at dette er noko som er ønskeleg. Eit fleirtal er for, og det burde vere ein sterk grunn til å seie ja, sidan vi har eit folkestyre.

Bekymra for undervisning

– Eg synest Udir skal seie nei til det. Eg trur veldig lite har endra seg sidan 2007, seier Natvik.

Han er redd for at eit slikt prosjekt også vil gå ut over undervisninga til dei som vel å halde på sidemål, og viser til erfaringane frå Oslo.

– Då såg vi at dei gjerne fekk tilbod om undervisning etter skuletid og i friminutt.

– Kan det ikkje gi elevane meir eigarskap til undervisninga deira at dei får velje?

– Det er viktig å tenke på reell valfridom. Det gir mykje meir meining at du kan velje kva du vil bruke livet ut når du meistrar begge skriftspråka, og ikkje basert på eit val du tok som ungdom.

Munkhaug avviser at det vil gå ut over rettane til dei som ønsker å ha sidemålsundervisning.

– Dette handlar om planlegging, og eg meiner at skal ein legge til rette for valfritt sidemål på ein skikkeleg måte, ikkje halvvegs, slik det høyrest ut som det vart gjort i Oslo.