Eldri (16) må velje mellom fotball og bu heime om nærskulen blir lagt ned

I morgon bestemmer fylkeskommunen i Innlandet skjebnen til seks vidaregåande skulestader i fylket, og 730 skuleplassar.

Åshild Slåen
Publisert

Dei øydelegg fritida til unge, og gjer det mykje vanskelegare i den tida som er vanskeleg frå før.

Det seier Eldri Galde Tråstad (16) når Framtida møter ho på den vidaregåande skulen i Lom. Det er ein av seks skulestader som kan bli vedteke lagt ned av Innlandet fylkesting i morgon. 

Om det skjer, må Tråstad frå neste haust enten pendle frå Skjåk til Otta med buss i til saman tre timar kvar dag, eller flytte på hybel.

Det har ho ikkje lyst til.

Om ho må pendle, får ho ikkje tid til fotballen, der ho er på kretslaget. Terskelen er likevel høg for å flytte heimanfrå på hybel.

Det går jo fint for mange, men no er det dei som er ivrige og vil flytte fordi dei vil gå ei spesiell linje. Men når du ikkje er motivert for å flytte på hybel og ordne alt sjølv, då trur eg det øydelegg for mange.

Færre elevar gir dårlegare økonomi

Innlandet fylkeskommune skal onsdag stemme over kor mange vidaregåande skulestader som skal leggjast ned. Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet dei Grøne er samde, og med mindre nokre av desse fylkesrepresentantane ombestemmer seg, blir det vedteke i morgon.

Då forsvinn skuleplassane til om lag 730 elevar frå neste skuleår.

Potensielle kutt i den vidaregåande skulen i Innlandet

  • Skarnes videregående skole
  • Dokka videregående skole
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Dombås
  • Solør videregående skole, avdeling Flisa
  • Skulestaden Sønsterud flyttast til Solør videregående skole, avdeling Våler.
  • Fleire linjer blir også flytta eller fjerna blant dei vidaregåande skulane som er att.
  • Skuletilbodet ved Storsteigen videregående skole, avdeling Nordstumoen blir også evaluert, men får førebels bestå i tre år.

(Kjelde: Innlandet fylkeskommune)

Grunnen til den føreslåtte nedlegginga er nedgang i elevtalet. Skulane i Innlandet har i dag ifølgje fylkeskommunen kapasitet til 13 600 elevar. I år går det til saman 11 532 elevar på vidaregåande i fylket, og Statistisk sentralbyrå (SSB) spår at det vil vere 3000 færre elevar i 2038.

Færre elevar gjev mindre pengar frå staten til å drive skular.

Fjernar nærskulen

Fabiola Ledo (18), fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Innlandet, er bekymra for korleis det kjem til å gå for elevane som må flytte eller pendle.

– Vi er heilt imot alle forslaga til nedlegging. Det går mot prinsippa våre for nærskulen, seier ho på telefon til Framtida.

Ledo bur sjølv på hybel på Gjøvik, der ho går på medium og kommunikasjon. Dei to fyrste åra måtte ho pendle frå Lillehammer, etter medielinja vart lagt ned på den næraste vidaregåande skulen i Gausdal.

– Innlandet er eit veldig stort fylke, og mange må allereie reise langt til nærskulen. Med dette forslaget får fleire elevar, som har ein lang busstur, ein endå lengre ein. Det å potensielt skulle vere borte tolv timar om dagen for å gå på skule blir tungt.

Ho meiner også ein må tenke på dei skulane som skal ta imot nye elevar frå neste sommar, og infrastrukturen rundt skulen. Ledo fortel det var utfordrande for ho å finne ein hybel på Gjøvik dei fyrste to åra på skulen, sjølv om ho leita. Og ikkje alle kan reise til den nest nærmaste skulen.

– Vi har prata med rektor her på skulen i Gjøvik, som fortel at vi har plass til å ta imot elevane frå Dokka. Men det er ikkje tilfelle for alle skular i fylket.

Fryktar flukt frå regionen

Det er Mari Bruheim (17) frå Skjåk også bekymra for. Ho er elevrådsvara i 2. klasse på studiespesialisering i Lom, og trur at dei som endar opp med å flytte på hybel, kjem til å flytte langt.

– Eg trur mange ikkje kjem til å velje Otta, men reise vidare til Lillehammer og Hamar. Om ein fyrst må flytte, kan ein flytte vidare ut der ein vil studere seinare.

Ho veit ikkje kva ho sjølv kjem til å gjere, men har lite lyst til å sitje tre og ein halv time på buss kvar dag. Samstundes er ho bekymra for kva det vil seie for lokalmiljøet når ungdommane forsvinn.

Bruheim fortel at mange i klassa hennar har deltidsjobbar som blir umogleg å halde på dersom dei må flytte eller pendle. Ho ser også mørkt på kor mange som kjem til å gidde å flytte attende seinare.

– Vi vil ikkje flytte attende til ein plass der vi veit at ungane må ut når dei er 15 år.

I dag har ho og medelevar og tilsette frå dei andre nedleggingstruga skulane i fylket reist til fylkeshuset i Hamar for å demonstrere mot vedtaket. Målet er å få nokre av politikarane til å ombestemme seg innan vedtaket blir stemt over i morgon.

– Det er fortvila, for vi veit ikkje kva som skjer, men vi skal kjempe for skulen vår.

Hardt ordskifte

Det er ikkje berre elevar som har engasjert seg i debatten rundt nedlegging av skular i fylket. Utdanningsforbundet demonstrerer saman med elevane på Hamar.

Profilar som som Helsesista, og Tom Stræte Lagergren, også kjent som Matoma, har gått ut mot vedtaket.

Tonen har blitt hard mot fylkespolitikarane, som har mått kople på Politiets tryggingsteneste (PST).

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp), som sjølv er frå Åsnes Finnskog i Innlandet, har skulda fylkesordføraren frå Arbeidarpartiet i Innlandet for å ha «prostituert seg», og står ved uttalen, sjølv etter statsminister Jonas Gahr Støre har irettesett ho.

Ordføraren i Lom, Kristian Frisvold frå Bygdalista (BL), har sagt at ein ikkje lenger treng å vere sakleg og kan gå etter person, sidan dei ikkje blir høyrd. Han oppmoda på eit kommunestyremøte måndag til å finne «drit» på fylkestingspolitikarar. Frisvold har seinare presisert at han meiner han vil ta i bruk alle lovlege middel i skulesaka.

Vil sikre eit betre tilbod for elevar

– Fylkeskommunen skal sjå på heile fylket som heilskap, og vi meiner regionvis kraftsamling er rett veg for å demme opp for den ekstreme elevnedgangen vi har hatt i alle regionar i mange år; ein elevtalsnedgang som vi veit vil fortsette framover!

Det skriv fylkesvaraordførar for Innlandet Hanne Alstrup Velure (H) til Framtida på e-post.

– Det er ikkje hensiktmessig å legge ned sentrumsnære skular for å bevare dei perifere. Dette vil føre til endå fleire som må reise langt og endå fleire på hybel. Det kan då ikkje vere nokon som meiner det er god samfunnsøkonomi.

Hanne Alstrup Velure frå Høgre er fylkesvaraordførar i Innlandet. | Foto: Kine Kruge / Innlandet fylkeskommune

Ho reagerer også på korleis dei som må flytte på hybel blir omtala.

– Vi veit at nokre fleire vil måtte flytte på hybel. Men den krisemaksimeringa og delvis sjukeleggjeringa av ungdommar som bur på hybel, synest eg er hinsides det vi veit er verkelegheita.

På telefon utdjupar ho at dei jobbar med dei forskjellige kommunane for å sørgje for at det er eit godt tilbod til dei elevane som må flytte, med bygging av hyblar og internat fleire plassar, og at kommunane er på tilbodssida for å sørgje for skikkeleg oppfølging av bortebuarar.

Ho påpeiker også at i kommunar som Lom er elevane interessert i fleire tilbod enn studiespesialisering og bygg og anlegg, som er det skulestaden tilbyr i dag.

– Når vi veit at 44 prosent av elevane der drar til andre skuletilbod, så forsvinn dei også ut av regionen, seier ho.

Unges beste

Eldri Galde Tråstad i Lom håpar fylkespolitikarane vil høyre på det dei har å seie i dag.

– Kva vil du seie til dei?

– At dei burde tenkje seg om, om dei gjer dei beste for unge, for eg trur ikkje dei har tenkt ordentleg på det.

Kvar ho endar opp neste år, og kva som skjer med fotballen, er ho usikker på. Det som likevel er mest trist for ho, er at den yngre systera hennar ikkje får gå på nærskulen.

– Eg har i alle fall fått gått her to år. Det er dumt at ho ikkje får gått her i det heile teke, for det er så bra ein skule.