Gaute Børstad Skjervø (29) er ny AUF-leiar

Gaute Børstad Skjervø tar over stafettpinnen frå Astrid Hoem.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det følast kjempespanande å få moglegheita til å få vere med å påverke frå innsida, seier Gaute Børstad Skjervø på telefon til Framtida.no.

Skjervø vart søndag vald til ny leiar av AUF under landsmøtet til ungdomsorganisasjonen. Han har til no vore nestleiar, og var på førehand innstilt til leiarvervet.

Den nyvalde leiaren er klar for å ta kampen saman med AUF og vise moderpartiet Arbeidarpartiet kva dei ikkje er nøgde med.

Skjervø trekker fram at pengane og makta i Noreg er skeivfordelt, og meiner unge er den store taparen i systemet.

– Eg skal sørge for at unge får ein større del av kaka, seier den nyvalde leiaren.

Til nestleiar får Skjervø med seg Nimrah Ramzan frå AUF i Akershus.

Skjervø tar over som leiar etter Astrid Hoem. Ho har vore leiar for ungdomsorganisasjonen dei fire siste åra.

– Det har vore den største æra i livet mitt å få leie AUF. Over halve livet mitt har eg vore i organisasjonen vår. Eg veit meir om å vere i den, enn utanfor. AUF er min heim, skriv ho i eit innlegg på Instagram.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Astrid Willa Eide Hoem (@astridwilla)

Til nestleiar får Skjervø med seg Nimrah Ramzan frå Akershus AUF.