Urfolk i Colombia reagerer på at Oljefondet investerer i omstridd selskap

Urfolk og bønder i Colombia skuldar selskapet Smurfit Westrock for menneskerettsbrot i heimlandet. SAIH ber Oljefondet bruka påverknadskrafta si som aksjonær.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Me lever med ei konstant frykt på grunn av den trusselen me lever under, seier bonden via ein frivillig tolk frå Latin-Amerikagruppene i Noreg (LAG).

Kjempar mot papp-plantasjar

Framtida.no møter den colombianske bonden i Oslo, der han har reist saman med ein urfolksleiar som representerer urfolket Nasa i regionen Cajibio. Dei to er ein del av nettverket TEVIIC.

Av omsyn til tryggleiken til dei to ber LAG om at dei omtalast anonymt.

Urfolksgruppene Mesak og Nasa har slått seg saman med bøndene i området for å kjempa mot emballasjeprodusenten Smurfit Westrock.

Selskapet har kring 67 500 hektar land i Colombia, der to tredelar er såkalla kommersiell skog og ein tredel naturleg skog.

I 2023 vart Smurfit Kappa og Westrock til selskapet Smurfit Westrock. Det internasjonale selskapet har base i Irland, men dei største plantasjane ligg i Colombia.

Naturtoppmøte i Colombia

I dag startar naturtoppmøtet COP16 i Colombia. 140 regjeringssjefar og statsleiarar er venta å delta på FN-toppmøtet der verdas land skal jobba saman for å følgja opp naturavtalen, som inneber at 30 prosent av naturen skal vernast innan 2030.

I forkant av toppmøtet har Noreg og Colombia kome saman i ei felles erklæring, der landa slår fast at dei vil jobba for eit ambisiøst resultat under naturtoppmøtet i Colombia.

«Naturen er vår hovudallierte. Me må stogga, og hurtig reversera, skaden på økosystem og det globale tapet av biodiversitet», står det i erklæringa.

Noreg og Colombia peikar òg på kor viktig det er å inkludera urfolk og lokalsamfunn i arbeidet med å verna naturen.

Vil ha landet tilbake

Dei siste åra har demonstrantar frå urfolk i Colombia samla seg under årsmøta til bedrifta Smurfit Kappa for å demonstrera. Urfolka meiner dei har rett på landet og vil ha det tilbake frå storindustrien.

Det har ikkje lukkast Framtida.no å få ein kommentar frå Smurfit Westrock, men i 2023 intervjua Irish Times selskapet Smurfit Kappa om krava.

– Me har absolutt rett til landet me har, men me er budd på å forhandla og mekla, sa administrerande direktør Tony Smurfit til avisa i fjor.

Urfolksleiaren frå Nasa-folket fortel via ein tolk frå Latin-Amerikagruppene at selskapet har fordrive urfolk og bønder frå området for å planta store mengder eukalyptus og furu, noko som krev store landområde.

– Dei har kjøpt det av anten bønder eller godseigarar. Dei har òg tydd til vald for at folk skal flytta seg derfrå for å gjera det mogleg å kjøpa, hevdar bonden via tolken Lina Alvarez Reyes.

Det er vanskeleg å dokumentera påstandane frå TEVIIC.

I den årlege berekraftsrapporten til selskapet skriv Smurfit Westrock at dei byrja å kjøpe land frå urfolk i Cajibio for 50 år sidan, og er oppteken av å støtta lokalsamfunna. Selskapet har kring 6800 tilsette i Colombia.

Sprøytemiddel

Urfolksleiaren og bondeleiaren fortel at skogbruket ikkje er artar som har vakse naturleg i området, som går ut over urørt natur og krev store mengder vatn.

Urfolksleiaren forklarar at urfolk historisk har jobba mykje i områda, men då basert på ein respekt for naturen. Folket har ikkje vore nomadiske, men har veksla på kva område dei har dyrka for å gje jorda høve til å byggja seg opp att.

Bonden skildrar plantasjane som ein «grøn ørken», som òg går ut over dyrelivet i området.

Det er vanskeleg for lokalbefolkninga å dokumentera påstandane sine, men bonden hevdar at dei har funne stoffet glyfosat i jordområde som tidlegare har vore naturlege og at det har forgifta vatnet. Glyfosat er vanleg i ugrasmiddel og har av forskarar vorte kopla til risiko for krefttypen Non-Hodkin lymfom. I Noreg vart stoffet nyleg godkjent for bruk i ti nye år, men det er lagt strenge føringar på kva tid og korleis stoffet kan brukast. ECHA har slått fast at stoffet er farleg for auga og liv i vatn.

Krev at staten tek affære

Lina Alvarez Reyes frå LAG fungerer som tolk og formidlar vidare kva urfolksleiaren seier:

– Dei har blitt ramma på det miljømessige og dei massive miljøøydeleggingane som desse plantasjane fører med seg. Og så har dei blitt påverka hardt i ein menneskerettssituasjon.

Urfolksleiaren fortel at han møter unge som seier at dei har mista område som tilhøyrde deira foreldre eller besteforeldre.

– Når selskapet er der, så tek selskapet frå bøndene viktige landområde, og då ser bøndene seg nøydd til å flytta på seg, kanskje til storbyar for å finna alternative måtar å leva, forklarar bondeleiaren via tolken.

Gruppene krev at staten tek affære og kjøper tilbake landområda, for å redistribuere desse til fordrivne urfolk, bønder og afrocolombianarar.

Mektig selskap

– Selskapet har mykje makt. Det fører med seg store usikkerheiter. Dei har funne mange offer for vald og valdtekt i furuplantasjane. Ran. Drap. Og ettersom det er område som er ganske rolege og stille fører det til at andre væpna grupper tek plassen og får fotfeste der, hevdar bondeleiaren via tolken.

Med seg til Noreg har dei to ein presentasjon med som skal visa tre som er planta innafor grensa på 30 meter frå vasskjelder, ammunisjon brukt i raid, og bilete av arbeidarar som er i konflikt med lokalbefolkninga.

Dei har òg med bilete av Huber Samir Camayo, som i 2021 skal ha blitt skoten og drepen av colombianske spesialstyrkar medan han protesterte mot verksemda. Òg Juvencio Cerquera Manquillo skal i 2022 ha blitt skoten og drepen i eit raid der maskerte personar gjekk til åtak på aktivistar som okkuperte området. Sakene er omtala i nettidsskriftet In These Times, som refererer lokale medium.

Framtida.no har vore i kontakt med colombianske myndigheiter for ein kommentar, men har ikkje lukkast å få dette.

Oljefondet tungt investert

Urfolksleiaren og bondeleiaren vil synleggjera problematikken i Noreg, fordi Oljefondet har investert store summar i Smurfit Westrock. Her melder tolken frå Latin-Amerikagruppene seg på.

– Det er ikkje lite det er snakk om. Det er det som er ganske hårreisande for oss som er ledsagarar. At det er ikkje snakk om éin eller to prosent, det er snakk om nærare sju prosent, forklarar Lina Alvarez Reyes.

Ho viser til at Oljefondet i juni i år hadde ein eigardel på 6,58 prosent av aksjane i selskapet, til ein verdi av over 8 milliardar kroner.

Urfolksleiaren og bondeleiaren oppmodar Etikkrådet til Oljefondet til å sjå nærare på selskapet. Dei synest det er eit paradoks at Noreg som har vore tilretteleggjar for fredsprosessane i Colombia, støttar eit selskap som hindrar fred i heimeområdet deira.

I fredsavtalen frå 2016 er ei omfattande rural reform ein sentral del. Denne tek sikte på å jamne ut forskjellar og hindra vilkåra som tidlegare har ført til vald.

Dei fortel at det er andre ledd rundt selskapet som står for valden, og fortel at dei fryktar for liva til talspersonar og sosiale leiarar, som er utsett for truslar.

– Dei har sett inn eigne vakter som godt kan vera frå samfunnet og med det har dei militarisert heile samfunnet og området, hevdar dei.

Selma Bratberg er leiar i SAIH. Foto: SAIH

SAIH ber Oljefondet lytta

Leiar i SAIH Selma Bratberg fortel at organisasjonen har jobba tett med urfolksorganisasjonar i Latin-Amerika og gav i 2014 ut ein rapport om Oljefondets investeringar i området.

– Som organisasjon har me heilt sidan det vore opptatt av at Oljefondets investeringar ikkje bryt med menneskerettar, forverrar sosiale konfliktar og miljøøydeleggingar, som me ser at er høvet i denne saka. Difor inviterte me desse representantane til Noreg, seier Bratberg.

Ho oppmodar Oljefondet til å lytta til krava deira og ikkje bidra til brot på menneskerettar.

– I denne konkrete saka har Oljefondet så høg eigardel at det er naturleg å tru at dei har direkte kontakt med selskapet og høve til påverknad som dei bør bruka, legg Bratberg til.

Kommunikasjonssjef i Noregs Bank Investment Management, Line Aaltvedt.

Oljefondet kjend med kritikken

Kommunikasjonssjef i Noregs Bank Investment Management, Line Aaltvedt, stadfestar i ein e-post til Framtida.no at dei er kjende med informasjonen.

– Me møtte nyleg med representantar frå urfolk og lokale bønder som var i Oslo, saman med SAIH og LAG. Me set pris på å ta imot informasjon om selskap me er investert i. Me vurderer informasjonen nøye som ein del av vår etablerte prosess for aktsemdvurderingar. Som ansvarleg investor har me klare forventingar til at selskap skal respektera menneskerettane. Me forventar at selskap har dialog med interessentar og grupper som blir påverka av deira verksemd, og at dei førebyggjer og handterer menneskerettsrisiko, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Etikkrådet kommenterer ikkje enkeltselskap

Leiar i Etikkrådet, Eli Ane Lund, svarar i ein e-post til Framtida.no at rådet ikkje kommenterer enkeltselskap.

– Etikkrådet har eit nyheitsovervakingssystem som fangar opp medieoppslag etc. om hendingar knytt til selskap i fondet. Gjennom denne tenesta får Etikkrådet tilgang til ein database, og òg ein rapport annakvar månad med dei oppslaga som i størst grad overlappar med kriteria for utelukking frå SPU, skriv ho til Framtida.no.

Etikkrådet vel ut dei mest alvorlege sakene for vidare undersøkingar.

– Først vurderer me om alvorsgrada i saka kvalifiserer for utelukking. Så vurderer me om selskapets tilknyting til normbrota er så tett at selskapet kan utelukkast. Til slutt vurderer me sannsynet for at situasjonen vil vara ved. Tilgang på godt dokumentert informasjon kan vera ei utfordring mange stader, forklarar ho.

Etikkrådet får òg tips frå privatpersonar eller organisasjonar om saker, i tillegg til eigne undersøkingar av problemstillingar der rådet oppfattar risikoen som særleg stor.

Etikkrådet publiserer ei liste over selskap dei tilrår å utelukka, eller observera. Selskap blir utelukka om det mellom anna er uakseptabel risiko for at dei er ansvarleg for eller medverkar til mellom anna grove krenkingar av menneskerettane, sal av våpen til væpna konfliktar, alvorleg miljøskade, grov korrupsjon eller annan grov økonomisk kriminalitet.

– Terskelen for utelukking skal vera høg. I omgrepet «uakseptabel risiko» ligg det ei vurdering av sannsynet for grove normbrot framover i tid. Selskaps tidlegare praksis har betydning for risikovurderinga, men det er ingen automatikk i at selskap som har vore involvert i normbrot, blir utelukka. Det er minst like viktig kva selskapet seinare har gjort for å unngå nye normbrot, forklarar ho.