Universitetet i Bergen vil boikotte eksamensavgift

Universitetet i Bergen (UiB) kjem ikkje til å innføre ei eksamensavgift, dersom forslaget frå regjeringa blir vedteke. Fleire universitet vurderer også boikott.

NPK-NTB
Publisert

Studentar som tek opp allereie beståtte eksamenar, må betale ei eksamensavgift dersom forslaget i statsbudsjettet blir røyndom. Avgifta er foreslått å bli innført frå 1. august til neste år, med eit kutt på 22,3 millionar kroner som skal svare til det regjeringa ventar å få inn i eigenbetaling frå studentane.

Ei slik avgift vil ikkje UiB-rektor Margareth Hagen ha noko av, skriv Khrono.

– Nei, vi tek kuttet flatt i organisasjonen, så får vi sjå korleis dette utviklar seg. For oss er det viktigare å leggje til rette for god kvalitet og oppfølging av studentane, seier Hagen.

Khrono har snakka med fleire andre universitet, som stiller seg skeptiske til forslaget frå regjeringa, blant Universitetet i Stavanger, NTNU og Oslomet.

– Vi er skeptiske til forslaget om eksamensavgift, både fordi det kan bidra til å hòle ut gratisprinsippet og fordi vi ikkje ønskjer å hindre studentar som sjølv ønskjer fagleg forbetring, seier prorektor for utdanning Silje Fekjær ved Oslomet.