Kultur- og likestillingsministeren hadde kjærleikssorg og lurte på om ho kom til å finne nokon som elska henne.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 14.10.2024 09:10

– Då eg jobba, handla alt om politikk, og då eg studerte, var det mykje politikk også, men eg hang også på lesesalen, på kafé og heime hos vener.

Då kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) var 20 år, handla mykje av kvardagen om politikk – og litt studium. Ho jobba i AUF med Utøya, og på hausten drog ho attende til Bergen for å studera igjen.

Sjef for kultur og likestilling

Sommaren 2023 tok Jaffery over stillinga som kultur- og likestillingsminister etter at Anette Trettebergstuen gjekk av som statsråd.

Ho har lenge vore ein del av Arbeidarpartiet og har vore arbeids- og sosialbyråd i Bergen, fungerande byrådsleiar i Bergen og statssekretær i Kulturdepartementet. I tillegg har ho mellom anna sete i styret til Festspillene i Bergen og i Litteraturhuset i same by.

No er ho kultur- og likestillingsminister og har ansvar for kulturpolitikk, likestillings- og diskrimineringspolitikk, mediepolitikk, idrettspolitikk og spel- og lotterisaker.

Ei av Noregs verste togulukker

Jaffery hugsar godt kva som skjedde elles i verda då ho var 20 år. Særleg togulukka der to tog kolliderte ved Åsta i Åmot i 2000. I smellen lak tusenvis av liter med diesel ut og vart sprøyta over togrestane, og det byrja å brenna intenst. 19 menneske omkom, nokre i kollisjonen og andre i brannen. 67 overlevde.

– Eg hugsar Åsta-ulykka, der også mor til ei eg kjenner mista livet sitt, fortel Jaffery.

Den viktigaste personen i livet hennar på den tida var venninna Jannicke.

– Vi var saman nesten kvar dag den hausten!

20-årsdag på Justisen

20-årsdagen sin hugsar ho godt.

– Ja, den var i april, og eg var i Oslo fordi eg jobba i AUF. Vi gjekk på Justisen og festa.

På fritida høyrde ho på musikk, og då var det dei store, kvinnelege artistane som var favorittane:

– Eg høyrde på musikk, og då gjekk det i Destiny’s Child (Girl group-bandet Beyoncé song i før ho gjekk solo), Madonna og Christina Aguilera.

Kjærleik og usikkerheit

Men mellom festing og glede låg også kjærleikssorg. På spørsmål om kva som er det sterkaste minnet hennar frå ho var 20, svarar ho:

– Det må ha vore kjærleiken og kjærleikssorg. Det er kanskje sjølvforklarande.

Ho minnest at ho var usikker på mykje. Om ho skulle få seg jobb, om ho skulle finne nokon som elska henne.

Den største frykta hennar var å bli einsam.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Absolutt ikkje, men eg hadde nok mange draumar som eg ikkje heilt trudde på.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville tenkt at eg ikkje burde vera så usikker på meg sjølv. Det kjem til å gå bra.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Slapp av, pust med magen, det er mange som vil deg vel.